Onsdag i førre veke var representantar frå MDG, samt kring 30 bebuarar, hovudsakleg frå områda Bø og Lyssand, samla i Lyssandfjæra.  Naboane er uroa for kva reguleringsendringa vil føra til på sikt. Børrea Schau-Larsen uderstreka at Solstrand ikkje har søkt om nokon endringar i arealplanen for Lyssandfjæra, korkje på land eller i sjø.
Onsdag i førre veke var representantar frå MDG, samt kring 30 bebuarar, hovudsakleg frå områda Bø og Lyssand, samla i Lyssandfjæra. Naboane er uroa for kva reguleringsendringa vil føra til på sikt. Børrea Schau-Larsen uderstreka at Solstrand ikkje har søkt om nokon endringar i arealplanen for Lyssandfjæra, korkje på land eller i sjø.

Ny arealplan: Naboane er uroa for Lyssandfjæra. Solstrand påpeikar at innspelet deira ikkje omfattar fjæra

I framlegget til ny arealplan er sjøområdet utanfor Solstrand- og Lyssandfjæra lagt inn som «hamneområde i sjø». Naboane er urolege for kva reguleringsendringa kan få å seia for framtidig bruk av fjæra. Solstrand uttalar på si side at fjæra kjem til å vera til glede for alle, også i framtida.

– Vi som brukar fjæra er redde for kva reguleringsendringa vil ha å seia for oss. Om endringa vil påverka allemannsretten fram i tid, seier Ragnar Lyssand.

Lyssand eig ikkje sjølv noko naust i fjæra, men har brukt fjæra aktivt, både til fisking og bading, i lang tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lyssandfjæra er eitt av få friområde som er igjen til oss vanlege brukarar. Vi kan ikkje bandleggja fjæra på noko som helst måte, meiner han.

– At Solstrand ønskjer ei reguleringsendring utanfor eigen eigedom, er heilt greitt. Men eg synest ikkje at Lyssandfjæra skal vera med, legg han til.

På Facebook er det laga ei eiga side med namnet: «Kan vi mista Lyssandfjæro som badeplass?», og eit opprop der 147 personar så langt har signert.

Siri Janna Llanos eig eitt av nausta i Lyssandfjæra. Ho er redd for at folk skal bli vist vekk frå fjæra som følgje av ei eventuell reguleringsendring.

– Lyssandfjæra er den einaste offentlege fjæra att før ein kjem bort til friluftsområdet på Moldaneset. Ho må vera tilgjengeleg for dei som bur i området. Det er mange av oss som lærte å symja der, påpeikar ho.

Llanos legg til at ho synest Solstrand er eit fantastisk flott hotell.

– Eg har sett utviklinga sidan eg var barn. Det var noko heilt anna på den tida enn det er no. Samstundes er eg oppteken av at mest mogleg av strandsona som ligg nær sentrum, anten det er i Oslo, Bergen eller på Os, må sikrast for ålmenta. Det er ikkje ønskjeleg med veldig mykje aktivitet der som barn og vaksne skal ta seg ein symjetur, seier ho.

Møte i fjæra

Onsdag i førre veke var over 30 bebuarar, i all hovudsak frå området Bø og Lyssand, i Lyssandfjæra i lag med Bjørnafjorden MDGs 1. og 2. kandidat, Nils-Anders Nøttseter og Tina Bøe Buer. Nasjonal talsperson for partiet, Arild Hermstad, var også til stades på samlinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Lokallaget er kontakta av bekymra naboar, nausteigarar og andre som har brukt Lyssandfjæra i generasjonar. Per i dag er det ikkje søkt om utbygging eller andre tiltak, men det mange brukarar av stranda fryktar, er at omreguleringa er ein lekk i ytterlegare privatisering av denne delen av Os sin skjergard, og at omreguleringa også vil gjera ei slik regulering lettare, fortel leiar i Bjørnafjorden MDG, Marie Hauge.

Vern av strandsona står sentralt i valprogrammet til MDG.

– Det har alt skjedd ei massiv nedbygging av strandsona langs kysten. Vi har ikkje ein meter strand meir å mista, poengterer Hermstad.

– Hamneområde, ikkje næringsområde

I KU-vurderinga av innspelet skriv Asplan Viak at «sjølv om innspelet ikkje omhandlar fysiske inngrep eller konkrete tiltak, kan det på sikt føra til privatisering av strandsone og sjøareal.» Omreguleringa vert ikkje tilrådd.

Administrasjonen i Os kommune har på si side gjeve klarsignal til endringa, og planutvalet har samrøystes gått inn for ho.

– Os kommune ønskjer å leggja til rette for at Solstrand har gode rammevilkår for fortsatt drift og utvikling, men det må ikkje skje på bekostning av dei som har naust og rettar i Lyssandfjæra, seier konstituert plansjef, Asle J. Andås.

Andås fortel at i framlegget til ny arealplan er sjøområdet utanfor Solstrand- og Lyssandfjæra lagt inn som «hamneområde i sjø».

– Hamneområde i sjø inngår i område sett av til bruk og vern av sjø. Det sikrar område til trafikkavvikling knytt til verksemda på land. I eit hamneområde kan det såleis etablerast naudsynte anlegg som kai, molo og flytebrygger, men ein kan ikkje stengja slik at ålmenta ikkje kan bevega seg inn på, eller gjennom hamneområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plansjefen legg til at Solstrand ikkje har planar om tiltak i Lyssandfjæra.

– Det at sjøområde utanfor eit naustområde er sett av som hamneområde kan tvert imot vera ein fordel for nausteigarane. Det er nausteigarane og rettigheitshavarane som sjølv bestemmer om dei vil gjera tiltak i hamneområdet, seier Andås.

– Innspelet omfattar ikkje Lyssandfjæra

Når det gjeld fiske og setting av teiner og garn, medfører eit hamneområde visse restriksjonar. Fiske må ikkje hindra den tiltenkte trafikken.

– Når det er sagt, legg ikkje føremålet i seg sjølv restriksjonar på ferdselen på sjøen. Vanleg ferdsel gjennom eit hamneområde er vanlegvis uproblematisk så lenge ein ikkje er til hinder for større båtar, seier han.

På Facebooksida ««Kan vi mista Lyssandfjero som badeplass?» skriv eigar av Solstrand Hotel & Bad, Børrea Schau-Larsen, at Solstrand ikkje har søkt om nokon endringar i arealplanen for Lyssandfjæra, korkje på land eller i sjø.

– Fleire av Solstrand sine naboar har naust og bruksrettar i Lyssandfjæra. Den delen av stranden som tilhøyrer Solstrand er difor ikkje regulert til næring. Solstrandfjæra, hotellet sin badebryggje, molo og djupvasskai har derimot vore brukt til næring i generasjonar og regulert deretter.

Vidare skriv Schau-Larsen at det i dei seinare år har blitt vanleg at sjø som grensar til næringsareal markerast i henhald til bruk. I tråd med dagens praksis har Solstrand difor spelt inn at sjøen utanfor næringsarealet vert markert blått.

– Dette vil gje meir nøyaktig informasjon om aktivitetar i området, som til dømes at store skip som Statsraad Lehmkuhl legg til kai, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Schau-Larsen legg til at innspelet frå Solstrand ikkje omfattar Lyssandfjæra, og at ho har vore i kontakt med kommunen for å få innsikt i utkastet som føreligg.

Hotelleigaren avsluttar innlegget som følgjer: «Måtte Lyssandfjæra halda fram med å vera til glede for oss alle, også i framtida.»

Ho opplyser vidare til avisa at «Solstrand denne veka har vore i dialog med Os kommune - og vore tydeleg på at det er området i sjø utanfor næringsarealet vårt vi ønskjer markert. Vi vil og bekrefta det skriftleg til Os kommune før fristen den 13. september».

Konstituert plansjef Asle J. Andås understrekar at arealplanen som er tilgjengeleg på noverande tidspunkt, er eit høyringsutkast.

– Noko av det vi ønskjer med høyringa er å få fram eventuelle arealbrukskonfliktar, slik at dei folkevalde kan vekta dei ulike interessene og fatta vedtak som best mogeleg ivaretek den ønska bruken av dei ulike areala, seier han.

camilla.kvamme@osogfusa.no