150 trailerar i timen i kvar retning over brua vil føra til ei mengd ulukker og trafikkvanskar. Kvifor er ikkje dette nemnt i Frp sine «avklaringar»?
150 trailerar i timen i kvar retning over brua vil føra til ei mengd ulukker og trafikkvanskar. Kvifor er ikkje dette nemnt i Frp sine «avklaringar»?

Ny bru: Toget står framleis på stasjonen og har ikkje rørt seg ein tomme - svar til Søviknes

Heldigvis er det folk i bygda som tenkjer annleis enn Frp, som fortel oss klart og tydeleg at toget framleis står på stasjonen og har førebels ikkje rørt seg ein tomme, skriv Arne Aarseth.

Brua kjem, det er berre eit spørsmål om tid, seier samferdsleminister Dale under besøket sitt i Os-bygda. Ordførar Søviknes følgjer opp og seier at vedtaket er fatta, saka er ferdig, toget er gått. Å bruka meir tid og krefter no gjev ingen verdi.

Men heldigvis er det andre folk i bygda som tenkjer annleis, som fortel oss klart og tydeleg at toget framleis står på stasjonen og har førebels ikkje rørt seg ein tomme. Kristian Strønen er ein av desse. Han fortel oss som bur rundt fjorden at det ikkje ligg føre noko stortingsvedtak om finansiering av brua, noko som naturlegvis er eit av dei viktigaste spørsmåla å løysa dersom denne brua skal kunna realiserast. Strønen sin argumentasjon er, etter mi meining, sakleg og langt meir truverdig enn dei to Frp-politikarane kan stilla opp med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peiker på føresetnader for brua, som er endra sidan dei første «avklaringane» blei gjorde i 2013 og trekløveret Solberg, Hareide og Solvik-Olsen fekk den lyse ideen å byggja ei monsterbru mellom Stord og Midthordland som erstatning for ei velfungerande ferjestrekning. Det er ikkje den same trongen for denne brua sidan mange av verksemdene i Bergen-syd-området har effektivisert og redusert behovet for arbeidstakarar og dermed også for potensielle pendlarar, seier Strønen og legg til at han voner protestane mot bruprosjektet held fram så tydeleg at sentrale politikarar ikkje kan unngå å vurdera standpunkta sine.

Samferdsleministeren argumenterer slik brutilhengjarane alltid gjer: Brua skal styrkja konkurransekrafta til næringslivet og byggja ein større bu- og arbeidsmarknadsregion. Men næringslivet vil nok heilt sikkert tenkja seg om to gonger, for brua vil bli svært kostesam, og utan at eg sit med sikre tal her, har det vore nemnt summar som ligg nærare det doble av dei du må ut med på dagens ferjetrafikk.

Store yrkesbilar treng pausar undervegs. Desse pausane kan sjåførane ta under ferjefarten ettersom dei nye ferjene vil gå langsamare enn i dag og syta for at sjåførane vil kunna ta si kviletid undervegs, utan å stoppa på landevegen og dermed tapa tid. Det kan dei ikkje gjera med ei bru utan at det blir bygd store parkeringsplassar for dei største av desse køyretøya i begge endar.

Og når brua blir stengd, for det kjem ho til å bli, må biltrafikken stå i ro og venta på godt ver og sikre køyreforhold. Brua over Bjørnefjorden er tenkt å gå over Reksteren, så dette kjem til å fylla opp på Tysnes, om ikkje travle lastebilar vil ta omvegen over Fusa og følgja svært smale vegar over Lundebygda og Sævareid, for å nemna nokre bortimot umoglege vegval. Men det kjem dei til å gjera. 150 trailerar i timen i kvar retning vil føra til ei mengd ulukker og trafikkvanskar. Kvifor er ikkje dette nemnt i Frp sine «avklaringar»?

Bilen er også ei velsigning. Men vi veit at framtida snart er ute for han. Det er berre eit spørsmål om tid, som samferdsleministeren seier i ei litt annan samanheng. Då er det eit umogleg spørsmål å svara på. Kva skal erstatta dette framkomstmiddelet? Tid? Ikkje ei bru iallfall. Kan henda må vi ty til sjøverts transport. Kan henda må vi forlisa alle «gode» idear om bruer og tunnellar? Kan henda må vi tenkja gjennom busetningsmønster, «arbeidsmarknadsregion» , «konkurransekraft til næringsliv» og fandens oldemor. Det er iallfall ikkje plass for ei bru full av bilar og meir trafikk.

Arne Aarseth