annonse

Ny leikepark opna på Kyrkjeflaten: Skal trekkja barnefamiliar til sentrum

Ny leikepark
Ny leikepark: Ordførar Marie Bruarøy storkoste seg inni eit røyr på kyrkjeflaten i dag. (Foto: Øystein Lid)
Overlevering
Overlevering: Caroline Drønen og Christoffer Askvik Olsen overleverte parken dei har bygt til ordførar Marie Bruarøy fredag. (Foto: Øystein Lid)
Leikande lett
Leikande lett: Dei nye leikeapparata på Kyrkjeflaten var raskt teken i bruk av borna. (Foto: Øystein Lid)
: (Foto: )

Os ASVO har bygt leikeparken som i dag vart innvigd. – Det er utruleg kjekt å byggja noko som me veit ungar vil ha glede av, seier Caroline Drønen i ASVO.

Øystein Lid

Den tilrettelagde arbeidsplassen Os ASVO har laga noko som ungar kan gle seg over i lang tid framover: Ein mini-klatrepark mellom trea på Kyrkjeflaten.

– Det har vore ein veldig kjekk jobb, og ikkje minst med tanke på alle ungane, seier Caronline Drønen. Saman med kollega Christoffer Askvik Olsen overleverte ho parken til Os kommune ved ordførar Marie Bruarøy.

– Os ASVO er faktisk leverandør til klatreparkane Høyt & Lavt, så det er profesjonelt arbeid som er gjort her, sa Bruarøy.

Vil ta sentrumsparken meir i bruk

Ordføraren sa at prosjektet inngår i Liv på Øyro-planane, der eit av måla var å få leikande born tilbake til sentrum.

– Denne flotte kyrkjeflaten er vår sentrumspark. Og her burde det vera langt fleire folk. Ser ein til andre storbyar, slår dei seg gjerne ned og solar seg i parken. Me er kanskje ikkje heilt der enno, men for at fleire skal ta i bruk kyrkjeflaten er det litt kjekt at det er noko som skjer her, sa Bruarøy.

Difor er det kjøpt inn skulpturar for dei vaksne kan sjå på, og no kjem altså dette tilbodet for ungane. Ho kunne også lokka med at dette ikkje var slutten på satsinga.

– Kanskje det kjem meir også. Kanskje me skal laga til fleire apparat innover på Osøyro. Eg har i alle fall ein plan om det, sa ordføraren.

ol@osogfusa.no


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut