(
(

Ny melding om hasardiøs køyring på Nore Neset

Meldingane om ungdom på mopedar og lett-motorsyklar som driv med uvitig køyring, held fram.

Åtvaringar frå politiet ser ikkje ut til å påverka dei som driv medhasardiøs køyring med mopedar og lettmotorsyklar på Nore Neset. I løpet av ein lengre periode, har det kome innmange meldingar om køyringa.

– Vi fekk i går nye meldingar om køyringa. Då var det tre mopedistar. Køyringa som er skildra, er grunnlag for førarkortbeslag, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er stor aktivitet kring skulen både på dagtid og på kveldstid. Foreldre som veit at ungdom er ute og køyrer, bør ta ein prat med dei om dette og korleis dei skal køyra. Det er mange som reagerer på køyringa.

Tørrkoking

I natt har det vore eit tilfelle av tørrkoking. Politiet og brannvesenet var på staden.

– Dette var kring klokka halv tre i natt i sentrum. Politiet har oppretta ei undersøkingssak. Ein mann var til stades. Han var lite samarbeidsvillig med brannvesenet og politiet. Det er mistanke om at det er rus involvert, fortel Hadler-Olsen.

Det er også kome inn meldingar til politiet om båtar som køyrer for nærme badeområdet i Ervikane.

– Det er folk som er og badar som opplever at båtane kjem for nærme. Vi oppmodar båtførarane til å ta omsyn slik at det ikkje oppstår farlege situasjonar, seier Hadler-Olsen.