Seks millionar kroner var ikkje nok til å få kommunen til å selja.
Seks millionar kroner var ikkje nok til å få kommunen til å selja.

Nytt Fjellheim-bod avvist: Fleire interessentar skal no vera på banen

Eigedomsutvalet sa måndag føremiddag nei til seks millionar for Fjellheim.

Dei tre medlemmene i utvalet, Nils-Anders Nøttseter, Marie Bruarøy og Terje Søviknes sa alle nei til bodet.

– Det er ei litt vanskeleg sak i forhold til kva ein kan kommunisera ut. Det eg kan seia er at bodet er avslått og at det er fleire interessentar på banen no, seier Nøttseter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter først å ha sagt at han ikkje ville auka bodet på fem millionar kroner, kom Rolf Lunde i Glass & Tre i Lønningdal med eit nytt bod på seks millionar kroner.

For lågt bod

Utvalsleiar Søviknes seier som Nøttseter at det er andre interessentar på banen.

– Os kommune er kjent med at det er fleire interessentar på banen, seier Søviknes og legg til:

– Vi kom i dag fram til at bodet på seks millionar kroner skulle avvisast. Det er for lågt i forhold til takst og prisantyding.