I tillegg til produksjon av ost, kefir og egg, har ekteparet Lygre ein stor grønsaksåker med alt frå gulrøter og poteter til kvitlauk, salat og knutekål.
I tillegg til produksjon av ost, kefir og egg, har ekteparet Lygre ein stor grønsaksåker med alt frå gulrøter og poteter til kvitlauk, salat og knutekål.

Nytt, kortreist søndagsturmål

Søndag 19. august går Fusa Hagelag sin årlege søndagstur av stabelen. Tidlegare har hagelaget vitja både Øygarden og Hardanger. Denne gongen vert turen meir kortreist.

– Vi fann ut at vi ville bruka vårt eige nærområde til ein slik søndagstur. Dermed dukka ideen om å vitja Lygre Livsgard opp, fortel leiar i Fusa Hagelag, Ole Bjørn Eikeland.

Heildagsturane om sommaren har blitt ein tradisjon. Tidlegare har hagelaget vore på langtur både til Øygarden og Hardanger. Denne gongen held laget seg innanfor kommunegrensa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjå Lygre Livsgard driv Dag Kyrre Lygre og Veronica Solheim Lygre mellom anna med ysting av ost. Når hagelaget kjem på besøk får dei først ei omvising på garden.

– Deretter skal vi servera suppe med ingrediensar frå hagen, fortel Veronica Solheim Lygre.

I tillegg til produksjon av ost, kefir og egg, har ekteparet nemleg ein stor grønsaksåker med alt frå gulrøter og poteter til kvitlauk, salat og knutekål.

Til liks med andre bønder, merkar også gardsbruket heilt sør i kommunen konsekvensane av den tørre sommaren.

– Alt tørkar opp, og grønsakene kunne sikkert vore større og finare, men vi har ei elv som det framleis renn vatn i. Sånn sett er vi veldig heldige, seier Veronica.

Etter omvising og mat, planlegg ekteparet ein tur opp på stølen, der dei fleste bebuarane på garden held til: Geitene.

– Det er første gang Fusa Hagelag er på besøk. Eg håper dei som kjem likar staden, seier bonden.

Fristen for å melda seg på årets søndagstur er 1. august.

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no