(
(

Nyttårsfesten er komplett

Gunslingers og Vetrhus Bluesband er alt annonserte til Os Live sin årlege nyttårskonsert. No er det klart at det er The Untouchablues som opnar ballet.

– Det blir bra trøkk. The Untouchablues er 15 musikarar på scenen samstundes, seier Tor Egil Hylland, som er godt nøgd med programmet dei har sydd saman.

– Det blir full fart. Dette blir knallbra, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rune Solberg stiller med anlegg og kjem til å spela både før, mellom og kanskje etter at programmet er ferdig – om det er meir tid att.

Tradisjon med konsert vesle nyttårsaftan

For ei tid tilbake var det tradisjon med konsert frå The Untouchablues i Fjellheim vesle nyttårsaftan. Dei hadde i meir enn ti år med fast konsert denne datoen som det store høgdepunktet for året – sjølv om dei farta rundt omkring med blant anna det berømte Smuget i Oslo på merittlista si. Repertoaret inneheld musikk inspirert frå rhythm ‘n’ blues og soulsjangeren, der blåserekkja ofte er framståande. Det har vore nokre utskiftingar i bandet opp gjennom. No består bandet av desse: Svein Bruarøy (gitar/vokal), Håkon Bruarøy (gitar), Frode Bjerkestrand (gitar/vokal), Tord Søfteland (gitar/munnspel/vokal), Geir-Magne J. Moberg (bass/vokal), Erik Brinchmann Hansen (keyboard), Rune Herheim (trommer), Aina Herheim (trombone), Finn Helge Bjørnør (trompet), Halvard Lyssand (trompet), Bjørn Blomberg (saksofonar), Bente Strønen (kor), Marita Strønen (kor), June Strønen Halhjem (kor) og Gina Aspenes (kor/vokal).