(
(

Observerte sauar i vegen – utan refleks – i 80-sona

Fusapolitiet tok ansvar då dei kom over fire sauar med lam som gjekk i vegen på natta utan refleks.

Medan politiet i Os har hatt ei travel helg, med jakt på ein MC-førar som køyrde ekstremt fort gjennom Hegglandsdalen, feststøy og promillekøyring, for å nemna noko, har det vore roleg for Fusa-politiet. Men politibetjent Anders Opsal fortel at patruljen kom over fire sauar med lam i vegbanen natt til søndag ved Bjørndal.

– Dei var på rusletur i 80-sona – utan refleks. Eigar blei varsla, og han sa at han skulle få sauane på trygg grunn igjen, fortel Opsal.