Natt til søndag blei ein mann observert medan han urinerte på bussterminalen i sentrum. Mannen, som er i 50-åra, er meldt.
Natt til søndag blei ein mann observert medan han urinerte på bussterminalen i sentrum. Mannen, som er i 50-åra, er meldt.

Offentleg urinering, kyr i sentrum og høglydt fest

Politiet har vore travle i helga.

Søndag ettermiddag stoppa Utrykningspolitiet eit køyretøy i Byvegen i Os. Bilførar, ein mann i 30 åra, er meldt då politiet mistenkjer køyring i ruspåverka tilstand.

Offentleg urinering

Natt til søndag blei ein mann observert medan han urinerte på bussterminalen i sentrum. Mannen, som er i 50-åra, er meldt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fortel at politiet har måtte visa bort ein del personar frå utestader i helga.

– Vi har måtte fjerna nokre personar som har vore høgrøysta og utagerande, seier han.

– Kan det ha å gjera med at det var så mykje folk i sentrum laurdag?

– Det gjekk heilt fint med tanke på konserten. Det var mykje folk, men vi fekk ingen meldingar knytt til det arrangementet, seier Hadler-Olsen.

Kyr laus i Os

I Nore Neset-området fekk politiet melding om at det var ein høglydt fest natt til søndag.

– Det var naboar som melde frå. Politiet reiste til staden og snakka med dei som hadde fest, ungdom i alderen 18- 22 år. Vi løyste opp festen litt og etter det kom det ikkje fleire meldingar.

Det har i helga vore fleire kyr på tur i Os.

– Det har kome meldingar om lause kyr, til dømes i Os. Vi har kontakta nokre bønder for å få dei til å ordna opp, seier Hadler-Olsen.