Olai Kobbeltvedt ønskjer seg ein båtmotor til ein liten båt. For å spara pengar, har han funne ut at han skal selja fiskeslukar som han finn i Oselva.
Olai Kobbeltvedt ønskjer seg ein båtmotor til ein liten båt. For å spara pengar, har han funne ut at han skal selja fiskeslukar som han finn i Oselva.

Olai (9) fekk ein lys idé på botn av Oselva

Olai Kobbeltvedt (9) har lyst på ein motor til båten. For å få råd til det, vil han selja fiskeslukar som han finn i Oselva.

– Eg ønskjer meg verkeleg ein båtmotor. Foreldra mine held på med å pussa opp eit hus, og dei sa at eg måtte spara pengar sjølv for å kunne kjøpa båtmotor, seier Olai.

Luktar elv

Tidlegare i sommar var Olai og broren Elias i elva for å bada. Då fann dei to gamle fiskeslukar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Wow, tenkte eg då vi plukka den eine opp. Sluken var stor og stilig. Etter kvart fann vi fleire. Det var då eg fekk ideen, fortel Olai.

Saman med broren og ein ven, har Olai brukt mange timar i elva i sommar. Dei har funne mange slukar, og stadig finn dei fleire.

– Eg har prøvd å gjera dei reine, men det luktar framleis litt elv av dei, seier han og smiler.

Dette er nokre av slukane som gutane har funne i elva.
Dette er nokre av slukane som gutane har funne i elva.
Elias Kobbeltvedt fann to krokar då Os & Fusaposten var innom for å snakka med gutane.
Elias Kobbeltvedt fann to krokar då Os & Fusaposten var innom for å snakka med gutane.
Olai Kobbeltvedt var «på jobb» måndag. Even Hauge og Elias Kobbeltvedt hjelpte til.
Olai Kobbeltvedt var «på jobb» måndag. Even Hauge og Elias Kobbeltvedt hjelpte til.

– Eg skal prøva å få bort lukta også.

– Det gjer vel ikkje noko om det luktar elv av slukane?

– Nei, kanskje ikkje. Det er kanskje lettare å få fisk då, seier Olai.

Salsbod i sentrum

Planen er å anten selja dei på Finn.no, eller så kan det vera at osingane finn den unge gründeren i ei bu i Os sentrum.

– Eg har tenkt å spørja politiet om eg kan få ha ein bod i Os som eg kan selja frå, seier Olai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Har du funne nokre verdifulle fiskeslukar, trur du?

– Det kan vera. Nokre av dei største vi har funne har eg sett i den gamle jernvarebutikken i Os. Dei kosta kring 40 kroner trur eg. Eg har ikkje bestemt meg for kva pris eg skal ta for slukane, seier Olai.

Det har vore ein strålande sommar med fin badetemperatur. Det har gjort at dei har kunna bruka mange dagar i elva. Måndag var dei på plass igjen. Då hadde brørne med seg Even Hauge. To av dei, Elias og Even svømte rundt og leika, med eit halvt auge til eventuelle slukar. Olai hadde sjølvsagt dykkarbriller på og var på jobb.