Næringssjef Daniel Skotheim, seier at det er stort potensial for utvalsvarer i Os.
Næringssjef Daniel Skotheim, seier at det er stort potensial for utvalsvarer i Os.

– Om få år er det truleg for få daglegvarebutikkar i Os

Det er nok mange som tenkjer at vi har svært mange daglegvarebutikkar i Os, men det viser seg at vi ikkje har for mange.

– Det er 97 % dekningsgrad for daglegvarer i Os. Det vil si at vi i praksis seia at vi har ein handelsbalanse på daglegvarer, seier Skotheim og legg til:

– Det er altså ikkje for mange daglegvarebutikkar i Os, og med den veksten Os har på vel 500 nye innbyggjarar kvart år, vil dekningsgraden sakte men sikkert gå ned, med mindre nye butikkar kjem til, eller eksisterande butikkar utvidar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under 100 prosent dekning

Vidare fortel Skotheim at dekningsgraden blir rekna ut frå kor mange som bur i Os, kor mange personar som brukar kvar butikk og kva dei handlar. Ein ser også talet butikkar og omsetnaden.

– Med 100 prosent dekning, handlar innbyggjarane alt ein treng av daglegvarer i Os. Om talet hadde vore over 100 prosent, ville det betydd at det kom folk utanfrå Os for å handla daglegvarer.

Lekkasje til Bergen og netthandel

At osingane flest vel å handla daglegvarene sine lokalt, er kanskje ikkje så overraskande. Det som kanskje er meir verdt å leggja merke til, er dekningsgraden på utvalsvarer. Utvalsvarer er til dømes klede, sko, bøker, sportsutstyr, leikar, apotek, blomar og så vidare.

– Potensialet er stort for utvalsvarer. Dekningsgraden i Os er på 71 prosent. I Fusa er dekningsgraden 20 prosent, medan i Bergen er det heile 121 prosent dekningsgrad (tala er henta frå ein handelsanalyse Asplan Viak gjorde i 2016 journ.mrk.). Lekkasjen frå Os og Fusa går nok til Bergen, i tillegg til at delar av lekkasjen frå Fusa nok går til Os. Det er også heilt sikkert lekkasjar til netthandel.

Tek handlinga på veg heim

Enn så lenge er det nok større grunn til å frykta handelslekkasje på utsalsvarer på netthandel, men det er også etter kvart fleire som tilbyr daglegvarehandel på nett.

– Netthandel av daglegvarer gjev handelslekkasje, men om ein osing handlar på nett hjå ein lokal kjøpmann, blir det ikkje handelslekkasje. Det einaste som skjer då er at ein slepp køyreturen fram og tilbake. For å møta konkurransen frå netthandel må ein kanskje tenkja nytt, til dømes å tilby eigen netthandel og i alle tilfelle tilby høg grad av sørvis og gje kunden ei god oppleving på handleturen, seier Skotheim.

Må alle kommunar ha tilbod om absolutt alt?

– Er det slik at næringslivet i Fusa har ein jobb å gjera for å få opp dekningsgraden?

– Både ja og nei. Ein kan sjå større på det og spørja seg om det er slik at ein må ha tilbod om absolutt alt i ein kommune. Det kan hende at svaret er ja. Spesielt når vi får den nye Bjørnafjorden kommunen, med regionssenter på Os. Talet for Fusa kan visa at det er stor lekkasje til Bergen og Os, men og at ein ikkje finn eit så breitt tilbod i kommunen. Om ein til dømes skal starta ein sportsbutikk, så må det vera kundegrunnlag for det. Har ein ikkje det, så må sjølvsagt innbyggjarane ut av kommunen for å finna varene dei ønskjer, seier Skotheim og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Statistisk sentralbyrå har rekna på kor stort kundegrunnlag ein må ha for å starta ein gjennomsnittleg leikebutikk, til dømes, i Bergen. For Bergensregionen er det i dag 17.000 innbyggjarar per leikebutikk. Dette er ein eksempel på kva som skal til. Det kunne med andre ord ha vore vanskeleg å starta ein rein leikebutikk i Fusa der det er om lag 4.000 innbyggjarar. Då måtte det truleg ha vore i kombinasjon med noko anna, eller ein mindre butikk. Tal som dette er eit nyttig verktøy for handelsstanden, og eg trur at dei fleste har ein viss oversikt når det kjem til desse tala og har godkjennskap til kundegruppa si.