Os og Fusaposten har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Terje Søviknes om utviklinga i den 18 år gamle saka.
Os og Fusaposten har ikkje lukkast å få ein kommentar frå Terje Søviknes om utviklinga i den 18 år gamle saka.

Ønskjer ny etterforsking av Søviknes-saka

Kvinna som i 2000 skulda Terje Søviknes for voldtekt, ønskjer saka gjenoppteken 18 år etter.

Saka mot Terje Søviknes vart for alvor drege fram at i lyset då lysefjordingen vart olje- og energiminister i januar 2017. Endå meir fokus vart det då «Metoo»-kampanjen for alvor spreidde seg frå Hollywood og vidare verda rundt i vinter.

BT-sak

For Terje Søviknes var det kanskje også eit førevarsel då kvinna som i 2001 melde frå om at ho meinte seg seksuelt misbrukt, gav sin versjon av saka i eit lengre intervju i Bergens Tidende og Aftenposten i mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysdag denne veka gjekk begjærte den no 34 år gamle kvinna politiet om å gjenoppta den no 18 år gamle saka.

– Både manglar ved etterforskninga og val av henleggingskode gjer at det må stillast spørsmål ved om etterforskinga var objektiv, eller om det vart teke utenforliggjande omsyn, seier kvinnas advokat, Jannicke Keller-Fløystad til Bergens Tidende.

Os og Fusaposten fekk onsdag føremiddag kontakt med Terje Søviknes. Han ville ikkje kommentera saka yttterlegare utover at han registrerer at det er levert ei begjæring om gjenopptaking av saka fra 2001, og at han avventar politi- og påtalemyndigheitenes handsaming av denne.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no