Ole Reinert Berg-Olsen hadde ein fin dag på jobben då han innlemma Kygo i Walk of Fame i Bergen fredag.
Ole Reinert Berg-Olsen hadde ein fin dag på jobben då han innlemma Kygo i Walk of Fame i Bergen fredag.

Ønskte Kygo velkomen på Walk of Fame

Osingen Ole Reinert Berg-Olsen fekk fredag æra av å ønskja Kygo velkomen i «The Walk of Fame» i Bergen fredag.

Berg-Olsen jobbar som kulturansvarleg i Bergen Næringsråd. Fredag fekk han det ærefulle oppdraget med å avduka Kyrre Gørvell-Dahll sin stein i «Walk of Fame» utenfor Nøsteboden. I tillegg heldt han tale.

– Det var veldig kjekt. Mykje folk og god stemning, fortel Berg-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kan ikkje få rost Kygo nok.

– Han er ein gjennomkjekk gut. Jordnær, hyggjeleg, raus og utruleg flink og kreativ som musikar, seier Berg-Olsen.

Vaks opp i same gate

I talen han heldt for Kyrre måtte han berre nemna at dei faktisk er vaksne opp i same gate.

Aurora Aksnes fekk sin stein ved Nøsteboden i Bergen i fjor. No fredag var det Kygo sin tur.
Aurora Aksnes fekk sin stein ved Nøsteboden i Bergen i fjor. No fredag var det Kygo sin tur.

– Då eg sprang rundt med blått handkle rundt nakken og leika batmann, var Kyrre berre baby, men det er eit faktum at me vaks opp på Marmorneset på Hop begge to, humrar Ole Reinert.

Også fleire kjente kulturpersonlegheiter har vakse opp der, eller har gjort store ting i dette området.

– I talen nemnde eg at Bjørnstjerne Bjørnson skreiv «Ja, vi elsker» nett på denne plassen, og at Ylvis-brørne og Raske menn-gutane også vaks opp i området rundt denne plassen, fortel Ole Reinert.

Han skrytte også av Kygo og korleis han har bana veg for andre musikarar, som Aurora og Alan Walker utover Noregs landegrenser.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no