Den nye butikken, Link Brands, skal etter planen opna på AMFI Os 3. april. Det ser butikkeigar Erik Rosendahl og sambuar og butikksjef Christine Kleppe fram til.
Den nye butikken, Link Brands, skal etter planen opna på AMFI Os 3. april. Det ser butikkeigar Erik Rosendahl og sambuar og butikksjef Christine Kleppe fram til.

Opnar nok ein butikk - Satsar på merkeklede

Frå før har Erik Rosendahl butikken Stadion Sport på AMFI Os. I april opnar han sin andre butikk på senteret, men den er ikkje sports-relatert.

Link Brands er namnet på kledebutikken som opnar i 2. etasje på AMFI-senteret i lokalet kor Zeller tidlegare heldt til. Butikken blir Rosendahl sin fjerde.

– Eg starta min første butikk på Øyrane Torg i 2001. Det begynner å bli ganske lenge sidan, seier han og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blace var namnet butikken fekk, men no skal butikken få eit andletslyft, slik at også denne butikken vil heita Link Brands.

– Vi kjem til å bruka litt tid på namneskiftet frå Blace til Link Brands på Øyrane Torg, sidan namnet Blace er så innarbeidd i Arna. Vi bruker året til å fortelja kundane at vi skifter namn og at det ikkje er eit nytt konsept, seier Rosendahl som legg til at delar av årsaka bak namneskiftet, er at han føler at Linkbrands.no står sterkare enn Blace.no.

– Per no er vi ikkje på nett, men det har vi planar om å gjera noko med. Det vil forbausa meg om vi ikkje er oppe og går med nettbutikk innan jul.

Når den nye butikken opnar, har gründer Erik Rosendahl totalt fire butikkar.
Når den nye butikken opnar, har gründer Erik Rosendahl totalt fire butikkar.
Slik vil den nye butikken sjå ut.
Slik vil den nye butikken sjå ut.

Samarbeid som kjem butikkane til gode

Før jul er altså ambisjonen at klesbutikkane skal få nettbutikk. Den same ambisjonen har Rosendahl for dei to Stadion Sport-butikkane.

– Eg trur at det alltid vil vera ein bra marknad for fysiske butikkar, men ein må tilpassa seg butikkverda som ho er i dag, seier Rosendahl.

Stadion Sport, som opphavleg fekk namnet Sport 1, opna på AMFI-senteret i 2012. Då Rosendahl fekk høve til å byta til eit større lokale på senteret, slo han til. Samstundes endra han kjedetilknytting til Stadion Sport.

– Stadion er ei innkjøpssamarbeid-kjede som jobbar for at butikkane og medlemene skal kunna driva best mogeleg butikk. Overskotet i Stadion skal gagna butikkane og ikkje ein forretningsmann. Vi har også inngått eit tilsvarande samarbeid med Link Brands-butikkane, seier Rosendahl.

Vil satsa på nett

Vidare fortel gründeren at dei med Blace har skunda seg sakte, og at det har vore ei suksessoppskrift.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har bygd steg for steg og vore edruelege. Det har gjort at Blace har overlevd alle desse åra, og at vi dei siste ti åra har kunna visa til eit positivt resultat kvart år. Eg har brukt ti år på å vurdera om eg skulle starta ein butikk til, seier Rosendahl.

– Kvifor gjer du det nett no?

– Det er fleire grunnar til det. Lokalet passar godt for vår drift. Vi kjenner oss trygge på kjøpesenteret, og vi bur i Os. Vi flytta hit for fire år sidan. Det blir kort veg til jobb for butikksjefen, seier Rosendahl og ser på sambuaren Christine Kleppe.

Kleppe har jobba Stadion Sport-butikken i eitt år, men tidlegare var ho butikksjef for Blace på Øyrane Torg. Ho gler seg til å koma tilbake til sin gamle jobb.

– Det er store skilnader på å jobba i ein sportsbutikk kontra ein kledebutikk. Ein må ha meir fagleg produktkunnskap i ein sportsbutikk, medan ein må følgja meir med på trendar og marknaden i ein kledebutikk. Eg har treivst med å jobba begge stader, men eg har mest tilhøyrsle til sistnemnde, seier Kleppe.

For born, dame og herre

Det er berre ein månad til butikken opnar, og Kleppe gler seg stort.

– Vi har fått mange hyggelege meldingar frå kundar om at dette er eit tilbod som dei har sakna, og at dei gler seg til opning. Det gjer eg også, seier Kleppe.

– Har de inntrykk av at kundane er meir opptekne av merkeklede enn tidlegare?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det vil eg seia. Både til born og vaksne. Eg har inntrykk av at dei er meir opptekne av kvalitet. Kleda skal vare, seier Kleppe.

– Vi ønskjer å differensiera oss frå kjeder ved at vi har meir merkeklede, og ikkje dei same merka som alle andre. Vi starta opphaveleg ein butikk for dame og herre, men etter kvart utvida vi til klede for born og tilbehøyr som sko, seier Rosendahl og smiler.