Det nye arkitektkontoret etablerer seg i andrehøgda i Bakketeighuset på Osøyro.
Det nye arkitektkontoret etablerer seg i andrehøgda i Bakketeighuset på Osøyro.

Opnar nytt arkitektkontor i Os

Bergen Arkitektkontor ser stort potensiale på Os. Neste torsdag markerer dei opninga av sitt nye kontor her i bygda.

- Nyetableringa i vekstkommunen heng tett saman med tettstadsutviklinga og framtidsvisjonane​ ​i​ ​området, fortel Geir Granli, som vert dagleg leiar for Os-kontoret.

Arkitektkontoret får adresse Øyro 17. Målet for arkitektfirmaet er i følgje ei pressemelding å «bidra til ei positiv vidareutvikling av Os som regionalsenter ved å ta del i små og store regulerings- og utbyggingsprosjekt ​i​ ​kommunen».

Artikkelen held fram under annonsen.

Firmaet konstaterer at kommunens nye plan for tettstadsutvikling i Osøyro og oppgraderinga av E39 har ført til auka aktivitet i byggenæringa i heile bjørnafjordsregionen.

Ein annan grunn til ekspansjonen er at Bergen Arkitektkontor har hatt ein auke i tal kundar og samarbeidspartnarar i området, og dei har allereie hatt fleire oppdrag i Os. Eitt av desse prosjekta er detaljreguleringa av Jordmorsvingen i Os sentrum.

- Ein moglegheitsstudie i samband med dette er nyleg avslutta og prosjektet legg opp til ei utbygging som kombinerer nytt næringsareal​ ​og​ ​mange​ ​nye​ ​bustader​ ​ved​ ​inngangen​ ​til​ ​Osøyro, heiter det i pressemeldinga.

Målet for arkitektfirmaet er i følgje ei pressemelding å «bidra til ei positiv vidareutvikling av Os som regionalsenter ved å ta del i små og store regulerings- og utbyggingsprosjekt ​i​ ​kommunen».
Målet for arkitektfirmaet er i følgje ei pressemelding å «bidra til ei positiv vidareutvikling av Os som regionalsenter ved å ta del i små og store regulerings- og utbyggingsprosjekt ​i​ ​kommunen».

jostein@osogfusa.no