Den øvste leiinga i kommunen svarar i dette lesarinnlegget oå kommunens adhocutvalspraksis.
Den øvste leiinga i kommunen svarar i dette lesarinnlegget oå kommunens adhocutvalspraksis.

Opne politiske utval og offentlege Os kommune

Lat det vere heilt klart:  Os kommune arbeidar kontinuerleg for å ha opne prosessar, ha god tilgjenge,  og at sakene som kjem til politiske utval skal vere opne og transparente.

Kommunen er avhengig av openheit for å skape tillit og for at demokratiet skal vere velfungerande. Det er sjeldan Os kommune lukker politiske møte. Når det blir gjort er det med ein lovheimel. Ofte er desse sakene knytt til personvern, eller når det er tungtvegande offentlege interesser, for eksempel knytt til konkurranse og/eller forretningsmessig karakter.

Alle politiske møte i regi av kommunen er opne. Terskelen for  å lukke eit møte skal vere høg. Dette skal  sikre opne prosessar og høve til innsyn og medverknad for innbyggjarane. Det er eit viktige prinsipp i eit demokratisk system og noko både politikarar og administrasjon i Os er svært opptatt av å sikre. Vanleg praksis er at administrasjonen jobbar fram og tilbake med saksførebuing. Deretter blir saka lagt fram for politikarane for handsaming. I det sakene blir løfta til politisk nivå, skal alle aktuelle saksdokument gjerast offentlege. Dette er det gode rutinar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os har vi i lang tid hatt ein praksis med ulike adhoc-utval. I desse utvala jobbar administrasjonen, politikarane, tillitsvalte og brukargrupper saman om å førebu saker. Denne arbeidsmåten har særleg vore brukt i samband med større prosjekt, som for eksempel utbygging av sjukeheimsplassar ved Luranetunet, sentralidrettsanlegget på Kuventræ og revisjon av skulebruksplanen. Når sakene er godt førebudd blir dei løfta til formell politisk handsaming. Intensjonen bak utvala, og erfaringane frå denne måten å jobbe på, er gode.

Os kommune er i sterk vekst og oppgåvene må løysast raskt og effektivt. Samstundes skal det leggast til rette for medverknad og opne prosessar.Møtet i hamneutvalet tysdag viser at det framleis er ein jobb å gjere før begge desse omsyna er godt nok ivaretatt i utvala. Dette blir det no jobba med å få på plass. Det bør likevel ikkje vere tvil om at både administrasjon og politikarar i Os kommune ønskjer diskusjonar og engasjement kring aktuelle saker i kommunen velkomen.

Marie Bruarøy, ordførar

Christian Fotland, rådmann