Det er berre til å finna fram paraplyen. Det skal bøtta ned tysdag kveld og natt til onsdag.
Det er berre til å finna fram paraplyen. Det skal bøtta ned tysdag kveld og natt til onsdag.

Oransje farenivå: Store mengder regn på veg

Same dag som det blir meldt om store mengder nedbør, har Fusa kommune sendt ut tekstmelding om at dei skal kartleggja kritiske punkt langs bekkar og bratte vassdrag for flaumutsette område.

Vestlandet skal dynkast. Frå tysdag kveld er det venta 60 millimeter nedbør i løpet av seks timar på dei mest utsette stadene i Hordaland og Rogaland.

– Det passerer ein intens front som vil gje intenst nedbør. I løpet av 24 timar kan desse områda venta seg kring 100 millimeter nedbør. Det betyr at det vil koma jamt svært mykje nedbør, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid i ei sak frå Yr.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til samanlikning kom det 138,5 millimeter i Bergen i løpet av heile september i fjor.

Spår problem med overvatn

I den same saka heiter det at nedbørsmengdene blir så store at Meteorologisk institutt har vald å senda ut farevarsel på oransje nivå. Det er det nest øvste farenivået og betyr stor fare (sjå faktaboks).

– Dersom det kjem ti millimeter regn i timen, slik vi ventar, får vi store problem med overvatn på vegane. Det er ganske intens nedbør, dette, og så er det ein front – ikkje bygevêr. Dermed kjem det jamt mykje nedbør over eit stort område over tid, seier Fagerlid.

Kommunen vil ha tips

Hausten har starta vått og grått på Vestlandet. Fusa kommune har måndag sendt ut ei tekstmelding om at dei vil kartleggja flaumutsette område i Fusa.

– Kommunen vil kartleggja kritiske punkt langs bekkar og bratte vassdrag for flaumutsette område i heile kommunen. Det vil bli gjennomført synfaringar i løpet av hausten 2018, men vi er avhengig av lokalkunnskap om tidlegare hendingar for å oppnå eit godt resultat. Målet er betre reiskap i planlegging og beredskap ved ekstremnedbør, snøsmelting og flaum som kan ramma bustadområde og infrastruktur, skriv kommunen i tekstmeldinga.

Dei som har informasjon om utsette punkt, flaumhendingar, vatn i veg eller bygg og liknande blir oppmoda til å ta kontakt med kommunen.

Oransje farenivå:

Blir det meldt om oransje nivå skal du ta det svært alvorleg. Dette er noko som ikkje skjer ofte, og det betyr stor fare. Førebu deg på alvorlege konsekvensar, og tenk deg om ein gong til dersom du har planar om å opphalde deg i det aktuelle området.