Ordførar Marie Bruarøy gjennomførte sitt første giftarmål på rådhuset i dag. Tanja Riise og Fredrik Birkenfeldt var det første paret som gjennomførte borgarleg vigsel på rådhuset.
Ordførar Marie Bruarøy gjennomførte sitt første giftarmål på rådhuset i dag. Tanja Riise og Fredrik Birkenfeldt var det første paret som gjennomførte borgarleg vigsel på rådhuset.

Ordførarens første vigsel

I ettermiddag fekk ordførar Marie Bruarøy æra av å via Tanja Riise og Fredrik Birkenfeldt på rådhuset.

– Det var ein fin seremoni. Eg las opp ein tekst. Brura var veldig nøgd med den. Det er nesten som at eg skulle skrytt på meg den, men det var nok borgarleg vigselsliturgi, seier ordføraren.

– Har du gleda deg til å gjera dette?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit stort ansvar. Kommunen og eg har eit ansvar for å gjera det til ei verdig og minneverdig oppleving. Eg har gledd meg, og eg har vore spent. Det er litt å hugsa på og vi må passa på at alt blir gjort rett. Alle papir skal fyllast ut. Om ein av dei har gløymt legitimasjon, så må eg pent be dei om å køyra heim og henta, seier Bruarøy og smiler.

Det er fleire som har teke kontakt med kommunen om å få borgarleg vigsel. Dei fleste ønskjer ordføraren som vigslar.

– Vi har fått 10–12 førespurnader. Dei fleste står på meg. vi har totalt 19 vigslarar i Os, så det er mange å ta av, seier ordføraren.

Nærmaste familie var samla då Tanja Riise og Fredrik Birkenfeldt gav kvarandre sitt ja i formannskapssalen på rådhuset.
Nærmaste familie var samla då Tanja Riise og Fredrik Birkenfeldt gav kvarandre sitt ja i formannskapssalen på rådhuset.

Samling med familien

Vigselen gjekk føre seg i formannskapssalen med nærmaste familie. Tanja Riise og Fredrik Birkenfeldt seier at det er litt tilfeldig at dei blei vigsla i Os.

– Vi høyrde med Bergen og med Os kommunar. Det var i Os vi fekk tid først, seier Birkenfeldt.

– Kvifor valte de ordføraren?

– Det var ho eg avtala med då eg hadde kontakt med kommunen, seier Birkenfeldt.

– Det er også litt stilig å kunna seia at vi blei vigsla av ordføraren. Det er det ikkje alle som kan gjera, legg Riise til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det heile gjekk raskt føre seg. På nokre få minutt var det heile gjort. Brudeparet reiste heim, der dei skulle ha ei samling med familien.

– Noko stor fest blir det ikkje i dag. Vi har så mange born, tre gutar og to jenter. Men vi tek nok ein større fest på eit seinare tidspunkt, seier det nygifte paret.