Her mottek Olav Botnevik det synlege beviset på at Os Bondelag var årets bondelag i 2017.
Her mottek Olav Botnevik det synlege beviset på at Os Bondelag var årets bondelag i 2017.

Os Bondelag blei årets lokallag i Hordaland

Styret i Hordaland Bondelag meiner Os Bondelag framstiller landbruket på ein positiv måte og har gode tilbod for medlemene. Laget fylte 150 år i 2017 og hadde ekstra stor aktivitet i samband med jubileet.

Etter å ha blitt kåra til årets lokallag, får Os Bondelag eit diplom og 10.000 kroner.

Vidare til nasjonal kåring

Kvart år sidan 2010 har Hordaland Bondelag kåra årets lokallag under fylkesårsmøtet. Tittelen går til det det laget som har vist størst engasjement gjennom året. Lokallaget må vera god på omdømmebygging i tillegg til å ha aktivitetar for eigne medlemer. Årets lokallag i Hordaland går vidare til den nasjonale kåringa i Norges Bondelag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Juryen bak årets kåring la vekt på at lokallaget har hatt jamn og god aktivitet i mange år.

– Dei engasjerer seg politisk og er alltid med når det er aksjon og fylkessamlingar. I 2017 heldt dei eit høgt tempo med mykje engasjement og blest i media, heiter det i pressemeldinga.

Stum av beundring

I samband med 150-årsjubileet arrangerte Os Bondelag ein flott jubileumsfest for medlemer og gjester. Før festen hadde dei eit dyrkingsprosjekt der kortreist kål og poteter frå plantekassar i sentrum skulle brukast til får-i-kål middag på festen.

– «Bondens Dag» i september vart det største arrangementet i «manns minne» med særs gode tilbakemeldingar. Mellom anna sa Frøydis Haugen frå Norges Bondelag at ho var «stum av beundring», skriv Hordaland Bondelag i pressemeldinga.