I tillegg til gode sportslege resultat i 2018 kunne tidlegare styreleiar, Jon Sivert Rykkel, presentera eit overskot i fotballgruppa på kr 120.000 for 2018.
I tillegg til gode sportslege resultat i 2018 kunne tidlegare styreleiar, Jon Sivert Rykkel, presentera eit overskot i fotballgruppa på kr 120.000 for 2018.

Os Fotball har fått ny styreleiar - og kan gle seg over overskot i 2018

Måndag var det styremøte i Os Fotball.

I møtet vart Leiv Gunnar Heggland enstemmig vald som ny leiar for dei to neste åra. Han overtar etter Jon Sivert Rykkel.

Kine Lunde og Vidar Bahus blei og vald inn som nye styremedlemer. Desse erstattar Bjørn Aadland og Solfrid Vernøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotballstyret består då av: Leiv Gunnar Heggland, Jan Frode Skeie, Torkel Hjertnes, Torill Blindheim, Trine Austevoll Lund, Vidar Bahus og Kine Lunde.

- I tillegg til gode sportslege resultat i 2018 kunne tidlegare styreleiar, Jon Sivert Rykkel, presentera eit overskot i fotballgruppa på kr 120.000 for 2018.

jostein@osogfusa.no