Thomas Helgesen grugler seg til premierefesten på «2 Meter Tulling». Premierefesten gler han seg kjempemykje til.
Thomas Helgesen grugler seg til premierefesten på «2 Meter Tulling». Premierefesten gler han seg kjempemykje til.

Os&FusaTV: Ingen veg tilbake

Det har blitt mykje neglebiting sidan datoen vart fastsett. Laurdag debuterer Thomas Helgesen framfor eit fullsett Oseana. Sjå intervju med komikaren dagen før dagen!

Det er gått ti månader sidan Thomas Helgesen avslørte for Os og Fusaposten at han hadde tinga storsalen i Oseana og var klar for å ta stand-up-en sin til nye høgder.

No er det ingen veg tilbake. Laurdag står revyskribenten frå Nore Neset framfor sitt største publikum noko sinne, og det heilt åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg visste ikkje kva eg gjekk til, korkje i omfang av arbeid eller med tanke på nerver og total påkjenning. Eg heiv meg ut i det, og tenkte no får det bresta eller bera, ler Helgesen.

Han er over seg av responsen etter at han lanserte «2 Meter Tulling».

– Det er jo vannvittig med folk som kjem for å sjå meg. Meg, berre meg, seier Thomas.

At også ekstraframsyninga byrjar å bli utseld, er over all forventning.

– Huff, eg håpar eg innfrir – at det ikkje kjem ei rekkje med annonsar på «Os Kjøp og Sal» etter laurdagen – annonsar der folk prøver å kvitta seg med billettanane sine til ekstraframsyninga, ler Helgesen.

Terpa og øvd

Totalt 120 minutt med 2-meter-tulling stoff har han sydd ferdig. Dei siste vekene har han gått med stoppeklokka i heimen i Skeisheia og prøvd å rekna seg fram til kor lang tid kvar sekvens vil ta.

– Det er ikkje godt å seia. Det skal jo vera litt pausar og rom for latter. Blir det stille i salen går det sikkert fort, seier Helgesen og gispar gestikulerande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg i prosessen mot ferdig resultat har han hatt sin gode ven og kollega frå Nor og Nè-gjengen, Jan Helge Corneliussen. Det har vore godt.

– Me har øvd i Oseana litt dei siste vekene. Jan Helge stolar eg på. Han kan faget og kjem med gode og konstruktive tilbakemeldingar. Heilt ærleg har det vore mindre nervepirrande å ha han rundt meg, enn det ville vore å ha ein profesjonell regissør frå Bergen opp her, no like før, seier Thomas.

Sjølvironi og utlevering

I Nor og Nè-revyane har Thomas og medskribentane «dissa» både kjente og mindre kjente osingar. I «2 Meter Tulling» dissar Thomas mest seg sjølv.

– Det blir mykje sjølvironi og humor på eigen bekostning.

– Ingen andre som får svi?

– Jo, kanskje litt, men aller mest dei innanfor husets fire vegger.

– Så me får høyra litt om firebornsfaren Thomas og den hektiske kvardagen?

– Ja, det blir ein del skråblikk på slikt, men for all del. Kvardagen mi er jo ikkje så ulik andres, så framsyninga blir kanskje vel så mykje om det å vera osing i dag, avsluttar Helgesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no