32 sprekingar fann vegen til Opptur Motbakkeklubb si fellestrening på Ravneberghaugen måndag kveld.
32 sprekingar fann vegen til Opptur Motbakkeklubb si fellestrening på Ravneberghaugen måndag kveld.

Os&FusaTV: Opptur i mørke natta

32 hovudlykter lyste måndag kveld opp naturstien på Ravneberghaugen.

Fem år etter at klubben var ein realitet er Opptur Motbakkeklubb stadig eit populært kollektiv for mosjonslystne osingar med trong til å røra på beina. Og sjølv om klubben etter kvart har fått fram ei rekkje sterke løparar, er det framleis plass for dei som berre vil halda forma.

– Dette var jo noko me var klare på den dagen me starta klubben. Det skulle vera ein klubb med plass til alle, uansett form, eller mål med treninga, seier Andreas Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den dag i dag, kjem stadig nye medlemer til.

– Per dags dato er me nærare 80 medlemer. Blant desse er kring 50 aktive i konkurransar, fortel Søfteland.

Første store konkurranse denne sesongen vert for mange Bergen City Marathon som går av stabelen siste helga i april.

Rolege måndagsøkter

For mange er måndagstreninga mest populær. Då handlar det om å ta ei roleg økt.

– For oss som har sprunge i helga, handlar det då om å sleppa seg litt ned og få restituert seg, for andre vert det nett då eit passe fint nivå, seier Klas Færøvik.

Klubbveteranen hadde klare planar om å ta det med ro under økta på Ravneberghaugen.

– Eg kjem nett frå fjellet der eg har gått sinnsjukt mykje på ski. Utanom løpinga er eg veldig glad i å gå ski. No framover skal eg delta i ei rekkje renn, seier Færøvik.

Ofte er det han og Andreas som legg opplegget for øktene. Måndag var det Andreas som hadde styringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Korleis klarar de å tilpassa treninga slik at alle som er med får passe bra utbyte?

– Me spring intervall. Dermed kan alle ta seg så mykje ut som dei vil når det står på, så «hookar» me opp med kvarandre i pausane, samlar feltet og køyrer på i eige tempo fram til neste pause.

– Så det er ikkje slik at dei med minst kapasitet vert springande åleine?

– Nei, målet er å samla folk mellom kvart intervall, slik at ein ivaretek kjensla av å trena i lag. Samhaldet og det sosiale har alltid vore viktig for denne klubben, konstaterer Søfteland.

Solid frammøte i mørkret

Denne måndagen er intervalløktene lagt til skogsløypa ved Ravneberghaugen rehabiliteringssenter. Heile 32 løparar har funne vegen og er klare for innsats.

– Dette er bra oppmøte. Eg trur me må ha med oss lokalavisa litt oftare, skjemtar Søfteland.

– Neida, me brukar å vera ganske mange uansett. Men no vinterstid er som regel kring 20.

Deretter trakkar underteikna innover i skogen i den kuperte løypa, og ventar på å bli «funnen» av ein jagande gjeng med «svevande» hovudlykter.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det er slett ikkje godt å sjå noko inne i den tette skogen, og med videokamera i handa (ja, for dette blir også ei videosak på osogfusa.no) og ei virrande hovudlykt som flakkar frå tre til tre rundt meg, går tankane til koselege familie-filmar som «Fritt vilt», «Villmark» og «The Blair Wich Project». Om nokon hadde gått inn for å skremja meg no, så ville eg vore eit enkelt byte.

Men for løparane er det anleis. For dei handlar det om å disponera krefter, få ut sitt beste, og å halda følgje med dei ein på førehand har tenkt seg å halda nivået til.

Seks gonger fem

Frå avstand ser det ut som ei lang julelenke som har forvilla seg ned frå grantrea. 32 hovudlykter kjem stadig nærare og i det løparane passerer meg ser eg frostrøyken som gråe skyer i siluetten mot granskogen.

Rundløypa er truleg ikkje meir enn 800-900 meter lang, så det går ikkje all verda med tid før feltet har strekt seg og dei raskaste alt er forbi for andre gong.

I dag køyrer gruppa seks økter på fem minutt. Innanfor kvar løpsøkt er det opp til kvar og ein kor fort dei vil springa. Andreas Søfteland og Andreas Skulstad Størksen er blant dei som strekkjer feltet mest. Bakarst i feltet har ei gruppe funne eit rolegare tempo, og fokuserer på å halda stilen oppe heile vegen.

Når Andreas roper for siste intervall, er alle framleis ved godt mot, og sjølv om ein del vedgår litt smerte, så står alle deltakarane igjen med ei kjensle av å ha fullført økta med stil.

– Det er nok litt spreiing i kor mange rundar folk har klart, men me er nøgde med ei god økt alle saman, seier Hilde Monssen.

Sjølv kom ho til fem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andreas og dei raskaste eit par til.

– Eg meiner eg sprang åtte rundar. I alle høve var eg nær 8 km i total strekning på målaren min, seier Søfteland.

Meirsmak

Opptur Motbakkeklubb har tre organiserte fellestreningar i veka. I tillegg kjem ulike turar i helgane.

– Til å vera ein motbakklubb har me dei siste vintrane sprunge mykje flatt. Det har eigentleg vore ganske bra for mange av oss. Til dømes har eg sjølv blitt flinkare til å halda høgt tempo på flatane, etter at me starta med intervalltrening på friidrettsbanen på Kuventræ, seier Andreas Søfteland.

– Og kva med turløypa på Ravneberghaugen. Det verka som den gav meirsmak?

– Ja, det var mange som sa at dei likte økta no i kveld, så her kjem me nok garantert tilbake igjen, seier Søfteland.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no