Os-spelarane hang med hovudet etter kampen.
Os-spelarane hang med hovudet etter kampen.

Os G19 ute av Norway Cup

Tre minuttar før slutt kom målet som sende juniorlaget ut av tevlinga.

post@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Kampen mellom Os G19 og KFUM-Kam Oslo vart sendt direkte på sportskanalen fredags føremiddag. Det var to tente lag som fauk ut av startblokkene på Ekerbergsletta, og kampen bar preg av at det var vinn eller forsvinn.

Laga gjekk til pause på stillinga 0–0. Sjølv om Os hadde omgangens største sjanse då Fabian Bødtker skaut over får fem meter, var det ingen av laga som produserte det heilt store.

Rett før slutt

Andre omgangen heldt fram i same spor som den første. Lite sjansar og mykje tøft duellspel. Ein av halvtimens høgdepunkt var når kommentatoren oppfordra jenter til å leggja til Os-spelar Joachim Dale Fløysand på Snapchat.

Det så lenge ut til at oppgjeret skulle verta den første kampen av årets direktesende kampar på Tv2 Sportskanalen, som ebba ut i 0-0, men slik vart det ikkje. Tre minutt før full tid kom austlendingane igjennom på venstresida og plasserte ballen i det lengste hjørna. Osingane klarte aldri å mobilisera ein skikkeleg sluttspurt og kampen enda dermed med siger til KFUM-Kam Oslo.