I eit felles skriv sendt ut frå ordførar Marie Bruarøy i dag, svarer ho om hamnesjefens skjebne.
I eit felles skriv sendt ut frå ordførar Marie Bruarøy i dag, svarer ho om hamnesjefens skjebne.

Os kommune svarar: svanesaka er komplisert

I eit brev sendt ut frå ordførar Marie Bruarøy i dag, vert den etter kvart mykje omtalte svanesaka kommentert.

Ordførar Marie Bruarøy seier til Os og Fusaposten at 180 førespurnader knytt til svana venta på ho då ho kom på jobb måndag.

– Det har vore heilt ekstremt. Ikkje alle meldingane har vore innanfor heller når det gjeld god tone, seier ho. Basert på alle meldingane opplevde ordføraren eit behov for å klargjera situasjonen og kommunens posisjon. Ho har difor skrive eit felles brev til alle som har teke kontakt. Her gjengir me brevet:

Artikkelen held fram under annonsen.

Svaret frå Os kommune

«Me beundrar engasjementet rundt Hamnesjefen, som har nådd langt utover Os sine grenser. Det renn framleis inn førespurnader til kommunen frå heile landet, som vitnar om at Me er eit dyrekjært folkeslag. Mange av dei som har teke kontakt hintar dessverre til at det er Me ikkje i Os, og det tyder på at informasjon og fakta ikkje er nådd ut via media. Difor er det viktig at Me får informert om kompleksiteten rundt knoppsvana og vedtaket Os kommune fatta måndag 3.7.17.

Knoppsvanehannen, kalla Hamnesjefen, har hatt sin tilholdstad og sin faste reirplass i Oselvo i sju år no. Det har vore til stor glede for kommunen å ha eit svanepar fast etablert her, og Hamnesjefen har nærast vorte ein institusjon i Os og eit ikon for sentrum, Osøyro. Mange har engasjert seg i Hamnesjefen, og Me har hatt ei gruppe svane-entusiastar, Svanehjelperne, som i mange år har gjort sitt ytste for at svanefamilien skal ha eit godt liv i hamnebassenget vårt. Dei har drive omfattande informasjonsarbeid om svanene via media, sosiale media, og har i samarbeid med kommunen, sett opp informasjonsskilt langs hamna, som seier at ein må vera varsame mot knoppsvanene, og åtvarar mot hissig åtferd. Dette er tiltak som er gjort nettopp for å informera publikum om fara ei hissig svane kan utgjera.

Hamnesjefen har ved fleire høve vore utsett for skader (bl.a. fiskekrok i foten og i nebbet, fått propell i foten og vore blyforgifta) og har hatt fleire behandlingar hjå dyrlege. Svanehjelperne har blitt kontakta av publikum når dei har sett at svana har lidd, og den har då blitt fanga for å bli undersøkt av dyrlege. Os Brann- og redningsvesen har òg hjelpt til ved fleire høve, og samarbeidet her har vore godt.

Det har opp gjennom desse åra, diverre, vorte observert situasjonar der Hamnesjefen har vorte utsett for plaging. Publikum har vore merksame på slik uakseptabel oppførsel, og slått ned på det ved mange høve. Diverre har nok slik oppførsel frå menneske bidrege til at Hamnesjefen har utvikla eit lynne som ikkje er foreineleg med det miljøet han er busett i.

Angrepet på barnehagejenta i Mobergsvikjo fredag 30.6.17, føyer seg i rekkja over fleire ublide møter mellom menneske og Hamnesjefen. Alvorlegheitsgraden rundt heile situasjonen og angrepet, gjorde at kommunen var nøydd til å agera etter dette konkrete tilfellet. Me kan ikkje risikera at våre innbyggjarar ikkje er trygge når dei ferdast rundt hamnebassenget og ved offentlege badeplassar rundt sentrum. Det må presiserast for dei som ikkje er kjende i Os at Mobergsvikjo ligg ca. 1 km i luftline frå reirplassen til svaneparet, og då det uprovoserte angrepet skjedde, var Hamnesjefen utan resten av familien med seg. Hamnesjefen har utvida sitt territorie markant dei åra han har vore her. Publikum melder om overaggressiv åtferd også i Kuvågen og Telavika som er badeplassar som ligg i fleire kilometers avstand frå hekkeplassen.

Vedtak om skadefelling av knoppsvanehannen, Hamnesjefen, vart fatta som ei delegert sak av landbrukskontoret måndag 3.7.17, og har heimel i Naturmangfaldlova §18 tredje ledd første punktum. Uttak etter denne delegasjonen reknast ikkje som enkeltvedtak og kan ikkje påklagast. Det vart henta inn uttale frå ornitolog ifbm. sakshandsaminga.

Vedtaket om felling av knoppsvanehannen, Hamnesjefen, har utløyst eit veldig engasjement frå publikum i Os og mest frå mange frå andre stader i landet. Mange har ytra seg kritisk til vedtaket og det har kome ytringar som ikkje egnar seg på trykk. Me har òg motteke nokre meir konkrete og

løysingsorienterte innspel til alternative måtar å løyse problema med Hamnesjefen. Desse dreier seg om ei flytting av svana. Denne løysinga vart vurdert før vedtaket vart fatta måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein viktig grunn til at flytting ikkje vart valt som løysing, er at det er særs sannsynleg at svana (ne) raskt vil returnera til Os, og det er ingen grunn til å tru at dei er meir venlegsinna då. Ei flytting av Hamnesjefen eller heile familien vil vera særs stressande for fuglane. Om det er andre knoppsvaner der, kan det i verste fall føra til ein territoriekamp på liv og død.

Knoppsvaner er ein relativt ny art i Hordaland, og den har spreidd seg hit sørfrå, mellom anna frå Rogaland. Det er mykje mogeleg Hamnesjefen kom derifrå då han enda i Os. Merking av knoppsvaner har synt at det er fleire døme på fuglar frå Rogaland som har slått seg ned i Hordaland. Svanene kan altså trekkje langt, og frå Orre på Jæren og hit er det til dømes ikkje meir enn 17 mil.

Når det no er fleire som tilbyr seg å flytte Hamnesjefen, med eller utan familie er det fleire vurderingar som må gjerast og avklarast:

• Dei må ha løyve frå Miljødirektoratet for å få lov til å flytte fuglane.

• Dei må høyre med Mattilsynet om korleis dei kan gjennomføre fanging og flytting på best mogeleg måte slik at dei tek omsyn til dyrevelferden til svanene.

• Dei må avtale med grunneigar og kommune på den plassen dei har tenkt å flytte fuglane til.

• Det må meldast til Os kommune at dei vil flytte fuglen/fuglane, og orientera kommunen om at flytteplanane er lagt og når dei er klare til å gjennomførast.

• Os kommune må få beskjed om plan og innvilga løyver for flytting før 23 juli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kommune er ikkje negativ til flytting av svanene, men kjem ikkje til å involvere seg i ei eventuell flytting, då Me ikkje sjølve har kompetanse på dette feltet.

Kommunen vil derimot rådgje dei som tek på seg eit slikt ansvar om korleis ein bør gå fram j.fr. punkta over. Om Hamnesjefen kjem tilbake for å etablere seg i Os, vil nytt fellingsvedtak bli vurdert. Dette gjeld denne konkrete knoppsvana, som er til fare for seg sjølv og andre, og ikkje svaner generelt.

Os kommune vil framleis sørgja for at informasjon om svaner er synleg i hamneområdet. For framtida vil vonleg erfaringane og publisiteten rundt Hamnesjefen, ha bidrege til auka kunnskap rundt aktsomheita og omsynet ein må visa rundt ville dyr og fuglar.»

ol@osogfusa.no