annonse

Os kommune vann beste praksis-pris

Stort
Stort: Kommunalsjef Aina Tjosås seier at det er stort å vinna pris. (Foto: Arkiv)

– Dette er stas. Sjølv om eg føler det er litt som då Obama fekk fredsprisen og i tidlegaste laget, er eg sjølvsagt stolt og glad for ei slik anerkjenning, seier kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås.

Benjamin Søgnen Olsen

Os kommune og Aina Tjosås vann Bygg21 sin beste praksis-pris for effektiv reguleringsplanlegging og bruk av praksisrettleiaren «Steg for steg – veien til gode reguleringsplaner» på Citykonferansen i Bergen onsdag.

Bygg21 er eit samarbeid mellom bygg- og eigedomsnæringa og statlege myndigheiter. Målet er å samarbeida for å «realisera bygg- og eigedomsnæringa sitt potensial innanfor produktivitet og berekraft».

Sørvis og samhandling

Dette seier juryen: Effektive og gode planprosessar kan gje kommunar og staden sine utviklarar fortrinn i konkurransen om verksemdetablering og auka tiltrekkingskraft for ønskt busetjing, fritidsbevegelse og kultur- og reiseliv. Realisering av gode planar gjev gode rammar om folk sine liv.

Vidare seier juryen at Aina Tjosås i Os kommune, teamet hennar og hennar leiarar i politiske råd og utval gjennom effektiv og godt planarbeid har lukkast i å utvikla Os kommunes attraktivitet, utvikling og konkurransekraft.

– Aina og hennar team klarer å kombinera fagleg integritet og kompetanse med relasjonskompetanse, sørvis og god samhandling. Eit proaktivt planarbeid er bygd på tilstrekkeleg respekt for overordna planar og god politisk forankring. Dette har vore avgjerande for planvedtaka si realisering.

– Os kommune set standard

For ytterlegare effektivisering av planarbeidet har Os starta å implementera tenkinga i Bygg21 si fasenorm Steg for steg – veien til gode reguleringsplaner – generelt og når det gjeld områdeplanar.

– På denne måten blir Os kommune ein avgjerande pilot for at norske kommunar og utbyggjarar skal samarbeida godt og føremålstenleg. Når alle kommunar og utbyggjarar jobbar etter same norm og praksis, vil det auka Noreg si konkurransekraft, skriv juryen og held fram:

– Os kommune set standard for effektivt og godt planarbeid. Når Os kommune stør seg til felles norm for beste praksis, vil praksisen og resultata i Os kunna brukast av alle.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut