Frå høgre i biletet - Marta Nilsen , Ingeborg Røttingen og  Mathilde (Tillo) Berge trer sild for røyking.
Frå høgre i biletet - Marta Nilsen , Ingeborg Røttingen og Mathilde (Tillo) Berge trer sild for røyking.

Os Sogelag inviterer til mimrekveld om Sildafabrikken

Torsdag 18. oktober vert det mimrekveld i Os folkebibliotek. Det er Sildafabrikken som skal fram i lyset.

Sildafabrikken, eller «Pekingen» i lokal daglegtale, var i drift på Osøyro i rundt 60 år.

Det offisielle namnet var Bergen Packing AS. Seinare vart Bergen Packing innlemma i Bergenhus Canning AS,- eigd av Olav Johnsen. Olav Johnsen eigde på det meste sju fabrikkar som produserte hermetiske fiskevarer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pekingen vart grunnlagd i 1909 og dreiv første året i Strandvik før han flytta til Os i 1910.

Eigaren var Gerhard Berg. Gerhard Berg hadde slått seg ned som fotograf på Osøyro og var ansvarleg for drifta av Sildafabrikken fram til han overlet ansvaret til svigersonen Olav Johnsen.

Mange kvinner og menn henta inntekta si frå arbeid i Sildafabrikken. Det kunne vera over 60 arbeidstakarar i sving i sesongen.

Ein av dei, som kjenner historia til Sildafabrikken best, er Torolf Juvik.

Far til Torolf Juvik kom til Sildafabrikken som styrar i 1946 og svigerfaren hans, Kåre Kristiansen, arbeidde og i Sildafabrikken frå 1951 til 1971 då produksjonen vart lagt ned i Os og flytta til Skålevik.

Torolf Juvik vil fortelja om Sildafabrikken og visa bilete frå fabrikken. Det vil og bli vist eit intervju med Lillian Sjøbø Solem. Ho fortel om korleis ho som ung jente opplevde åra med arbeid i Sildafabrikken.

Os Sogelag håper at mange møter fram og deler minne dei måtte ha frå Sildafabrikken.

Ekstra kjekt blir det dersom tidlegare tilsette på «Pekingen» kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styret i Os Sogelag