Rafael Villen Villen sette inn dei to første måla i kampen mot Austevoll på Kuventræ i ettermiddag.
Rafael Villen Villen sette inn dei to første måla i kampen mot Austevoll på Kuventræ i ettermiddag.

Os valsa over Austevoll

6–0 synte måltavla då kampen mellom Os og Austevoll var over. – Det kunne fort ha blitt seks mål til, trur trenar Tim Henrik Sperrevik.

Os sitt 4. divisjonslag møtte Austevoll på Kuventræ i ettermiddag. Det vart ein tung kamp for gjestene.

– Eg trur ikkje Austevoll hadde ein einaste reell målsjanse. Dei hadde ikkje ein corner ein gong, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os leia 1–0 til pause etter eit mål av Rafael Villen Villen. Villen var også førstemann til å setja ballen i nettet i andre omgang. Deretter kom måla som perler på ei snor: Christoffer Hafsås (3–0), Fabian Bødtker (4–0), Endre Brenne (5–0) og til sist Bødtker igjen (6–0).

– Vi køyrer kampen frå start til slutt. Det kunne fort ha blitt seks mål til dersom vi hadde vore endå meir skjerpa framføre målet, seier Sperrevik.

Trenaren fortel at dei har arbeidd mykje med den deffensive biten i friperioden sin. Han synest også det er gledeleg at ein i dagens kamp greidde å halda nullen.

Før dagens kamp låg Os som nummer to på tabellen med like mange poeng som Sandviken på førsteplass og Fyllingsdalen 2 på tredje. Neste søndag skal Os i duell med nettopp Sandviken på Stemmemyren kunstgress.

– Det er berre å jobba vidare med det vi har gjort til no, og så må vi justera litt på dei tinga vi framleis manglar litt. Vi skal gje Sandviken kamp og vel så det, lovar Sperrevik.

camilla.kvamme@osogfusa.no