- Eit tett samarbeid mellom kulturhus, kommunal kulturskule og grunnskule har gjort det lokale formidlingsprogrammet Friskunst til ein suksess hos Oseana Kunst- og Kultursenter.
- Eit tett samarbeid mellom kulturhus, kommunal kulturskule og grunnskule har gjort det lokale formidlingsprogrammet Friskunst til ein suksess hos Oseana Kunst- og Kultursenter.

Oseana-suksessen Friskunst blir nasjonalt kulturhusprojekt

Gjennom eit nytt samarbeid mellom Norske kulturhus og Kavlifondet kan grunnskuleelevar snart innta kulturhus over heile landet. Ideen er henta frå Oseana.

- Eit tett samarbeid mellom kulturhus, kommunal kulturskule og grunnskule har gjort det lokale formidlingsprogrammet Friskunst til ein suksess hos Oseana Kunst- og Kultursenter. Nå vert programmet utvida til eit nasjonalt kulturhusprosjekt for formidling av kunst og kultur til grunnskuleelevar, heiter det i ei pressemelding.

Målet med Friskunst Nasjonal er at kulturhusa skal kunna presentera delar av innhaldet sitt til skuleelevar, i tillegg til sitt ordinære publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi er utruleg glade for at Kavlifondet ser verdien av å gje born fagkompetanse i kombinasjon med kunstnariske opplevingar, seier Nina Hodneland, dagleg leiar i Norske kulturhus.

Det er sett av to millionar til kulturhusprogrammet for grunnskuleelevar.

Spent

Direktør for Oseana, Ole Tobias Lindeberg, er spent på å sjå programmet utfalda seg på nasjonalt nivå.

- Gjennom Friskunst har vi knytta det profesjonelle kulturlivet opp mot kunst- og kulturundervisninga i skulen. Elevane får ta del i kulturhusenes kunstnariske program, samtidig som kulturskulepedagogar utarbeider og gjennomfører et grundig forprosjekt i utvalde klassetrinn i grunnskulen. Alt i tråd med læreplanen, seier Lindeberg.

Samarbeidet med Kavlifondet vil gi utvalde kulturhus høve til å gjennomføra 4-5 Friskunst-prosjekt i løpet av 2019-2020.

- Vi er glade for å kunna bidra til at endå fleire born vil få nytte og glede av Friskunstmodellen. Vi ser fram til å bidra til og følgja arbeidet med å gjera denne til ei nasjonal satsing, seier dagleg leiar i Kavlifondet, Inger Elise Iversen.

jostein@osogfusa.no