Den svært omfattande UNESCO-søknaden vart førd i pennen av Kjell Magnus Økland og Åsmund Lien i januar.
Den svært omfattande UNESCO-søknaden vart førd i pennen av Kjell Magnus Økland og Åsmund Lien i januar.

Oselvar-handverket på UNESCO-lista!

Torsdag vart det klart: Oselvar-handverket er hamna på den historiske og svært prestisjetunge UNESCO-lista.

Oselvarverkstaden og båtbyggjarkunsten som handverkstradisjon var i dag oppe til vurdering for den internasjonale lista over beste vernepraksisar for verdens immaterielle kulturarv.

Tilsette ved Oselvarverkstaden, støttespelarar og vener sat spente og venta på avgjerda i Addis Abeba i Etiopia, der UNESCOs mellomstatlege komitemøte vart halde. Først like før kl 21 norsk tid kom avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einaste i Nord-Europa

- Dette er svært spennande. Det er tredje gong me har søkt, men denne gongen er me blant tre søkjarar som er positivt innstilte. Magekjensla er god, sa tidlegare dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Åsmund Lien medan dei venta.

I lag med forfattar og oselvar-forkjempar Kjell Magnus Økland fullførte han søknaden i januar i år.

- Det var ein svært omfattande søknad, og eg må vera ærleg å seia at me aldri hadde klart dette om ikkje det var for hjelpa frå Kjell Magnus, seier Lien.

Noverande og tidlegare dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen og Åsmund Lien, hadde god grunn til å smila torsdag ettermiddag.
Noverande og tidlegare dagleg leiar ved Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen og Åsmund Lien, hadde god grunn til å smila torsdag ettermiddag.
Kjell Magnus Økland, ordførar Terje Søviknes og Norvald Skåtøy ventar spent på avgjerda i Etiopia.
Kjell Magnus Økland, ordførar Terje Søviknes og Norvald Skåtøy ventar spent på avgjerda i Etiopia.

Noverande dagleg leiar i Oselvarverkstaden, Berit Osmundsen, konstaterte at det var ein stor dag for verkstaden.

- Tenk at me er dei einaste frå Nord-Europa som er komne på denne UNESCO-lista. Det er fantastisk.

Annerkjenning av oselvaren

Kjell Magnus Økland meiner heideren er ei anerkjenning av prosjektet "Redning av oselvaren".

- Alle her har det til felles at me ønskjer å ivareta oselvaren både i høve til byggjetradisjonen og som bruksbåt. Tenk at for eit par og 30 år sidan var det berre Ole Nils Drange og Nils E. Drange som kunne byggja denne båten. Heldigvis kom Oselvarverkstaden i 1997 og sikra byggjetradisjonen. Takk til Os kommune og alle oselvarens støttespelarar for det, seier Økland.

Han trur også hans ferske bok «Oselvaren - den levande båten» vil få vind i segla no når verkstaden er på UNESCO-lista.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er klart det. Dette er eit løft for alt som har med oselvaren å gjera. Samstundes er det ein heider til alle som har jobba for å ivareta tradisjonane kring båten. Eit fortent klapp på skuldra til Oselvarlaget og alle som seglar eller brukar båten slik ein skal, smiler Økland.

Ordføraren: - Først i Norden

Ordførar Terje Søviknes var også med i festlyden. Han seier at dette er ei viktig kulturhistorisk hending for bygda.

- Me var Noregs einaste kandidat, og oselvar-handverket blir no det første i norden på denne relativt ferske verdsarv-lista. Det er ei viktig verdsetjing av arbeidet som er gjort for å halda i live handverkstradisjonen vår, og å bringa han vidare til neste generasjon, seier ordføraren.

Det følgjer ikkje pengar med utmerkinga, men Søviknes trur at merksemda den lokale båtbyggjartradisjonen får gjennom dette, vil setja osbygda på kartet i nye samanhengar.

- I tillegg til den heider og ære som ligg i dette, handlar det også om merkevarebygging og å bli lagt merke til av tilsvarandre kulturinstitusjonar internasjonalt. Det kan i neste omgang løfta reiseliv og turistnæring i Os framover, seier Søviknes.