Robert Storum er ny kjøkensjef på Skjebreid Poireé.
Robert Storum er ny kjøkensjef på Skjebreid Poireé.

Osing skal leia Skjelbreid Poireé-kjøkenet

Robert Storum har blant anna vore kokk i Malaysia i 13 år. No vendar han "heim" til Fusa.

- Eg har vandra litt rundt her i livet. Det er godt å koma heim, seier Storum og smiler.

Han har vore rundt om kring i verda og diska opp blant anna italienske, japanske og asiatiske rettar. No blir det mat med fransk-vri, noko som passar Storum utmerka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er i det "franske kjøkenet" at eg har hatt opplæringa mi. Her får eg sjansen til å jobba med lokale og økologiske matvarer, og laga heimelaga mat med fransk vri. Dette gler eg meg til, seier han.

Meny-samarbeid med gjestane

Det er den nye kjøkensjefen som skal stå for menyen, men han skal også samarbeida med gjestane.

- Eg lagar ein standard meny, og så får gjestane koma med innspel til kva dei ønskjer, seier osingen.

- Eg er fødd og oppvaksen i Os, men eg har òg vore mykje i Fusa, så det blir som å venda heim. Me har flytta inn i bestemors hus. Det er godt å "landa" igjen, fortel Storum.

Vil utvikla konseptet vidare

Storum kjem frå stillinga som kjøkensjef på Hotell Ullensvang. Dagleg leiar på Skjelbreid Poireé, Synnøve Austestad, fortel at dei har leita lenge etter ein passande kjøkensjef.

- Tidlegare har me hatt mat gjennom Søtt + Salt gourmetcatering, men no vil me utvikla konseptet vårt vidare. Det å ha ein eigen kjøkensjef vil gje oss mykje større fleksibilitet, seier ho.

Søtt + Salt har kome til Fusa for å laga mat når det har vore gjestar i hytta.

- Me er godt nøgde med samarbeidet med Søtt & Salt, men som sagt så ønskjer me oss meir fleksibilitet. No kan til dømes også dei som er her på dags- og kveldsmøte, få servering, seier Austestad, og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har som mål å oppretthalde den høge kvaliteten me fekk gjennom Søtt & Salt. Det trur me absolutt at me vil få gjennom Robert.