Osingane var godt nøgde med den nye fiskebutikken i Byvegen 81.
Osingane var godt nøgde med den nye fiskebutikken i Byvegen 81.

Osingane gjekk mann av huse for hyse

– Eg trudde me skulle få ei roleg opning. Men i staden vart det kø frå første opningstimen, seier ein takksam islending etter stor suksess på fiskebutikkens opningsdag.

At mange osingar har kjent på eit tomrom etter at Fisketorget på Osøyro la ned drifta i 2013, vart tydeleg då den nye butikken «Isfisk» opna i Byvegen 81 (Elvebakken) på torsdag.

– Ja, besøket har vore over all forventning. Eg sa til dei tilsette på morgonen før me opnar, no kan me ta oss ein roleg morgon med litt kaffi og venta på dei første kundane. Men det vart ikkje mykje tid til kaffi! Det seier butikkinnehevar Hlynur Freyr Vigfusson. Os og Fusapostens utsende måtte fint stå i kø for å få snakka med den travle butikkinnehavaren. Kona Íris Hjaltested jobbar til vanleg i Søre Øyane Naturbarnehage, men har brukt helger og kveldar med å hjelpa mannen sin med butikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elskar å fanga og laga fiskemat

Vigfusson sel stort sett sjølvfiska fisk frå Vestfjorden i Nordland og frå samarbeidspartnaren Gunnar Klo A/S. I ferskvaredisken finn ein fisk som kveite, uer, brosme, men også meir eksotiske innslag som lettsalta torsketunge. Sjølvlaga varm fiskesuppe i beger var ein annan publikumsvinnar på opningsdagen. I frysedisken finn ein blant anna blåkveite og heimelaga fiskekaker.

– Eg elskar å laga mat. Det er ei av drivkreftene mine, seier Vigfusson.

– Salet har tydelegvis vore godt i dag?

Hlynur Freyr Vigfusson (t.h) fekk god hjelp frå kona Iris Hjaltested og venen Samuel Sveinsson.
Hlynur Freyr Vigfusson (t.h) fekk god hjelp frå kona Iris Hjaltested og venen Samuel Sveinsson.
Dei stod på frå tidleg morgon til seine kveld ekteparet i den nye fiskebutikken på Elvebakken.
Dei stod på frå tidleg morgon til seine kveld ekteparet i den nye fiskebutikken på Elvebakken.

– Ja, veldig godt. Men det ser ut til å vera litt skilnad på kva nordmenn og islendingar likar, kan det sjå ut til. Nokre fisketypar har selt kjempegodt, medan det har vore litt mindre av andre. Røykt blåkveite er tydelegvis noko nordmenn elskar, men som eg personleg ikkje har eit veldig nært forhold til, seier Vigfusson.

Tilbakemeldingane frå osingane

Han legg til at utvalet sjølvsagt vil variera etter kva kundane etterspør og med kva som er råd å få tak i gjennom sesongen.

– No vil eg berre takka osingane for at dei har teke så godt i mot oss, seier han.

– Kva tilbakemeldingar har de fått frå kundane?

– Dei har vore veldig positive. Dei er kjempeglade for dette nye tilbodet. Nokre er også litt skeptiske til om me verkeleg kan få det til, og seier at dei håpar osingane vil stø opp om det. Eg har i alle fall trua etter denne starten, seier butikkinnehavaren som vil halda ope alle dagar med unntak av søndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no