Dei to gründerane bak ByggemAppen er Jan Tore Grindheim og Ingvald Grindheim. Her i lag med næringssjef i Os, Daniel Skotheim.
Dei to gründerane bak ByggemAppen er Jan Tore Grindheim og Ingvald Grindheim. Her i lag med næringssjef i Os, Daniel Skotheim.

Osingar med app som kan revolusjonera byggjebransjen

Dei første gründerane i Gründerparken på Osøyro sit på ein idé som kan gjera kvardagen lettare for deg som skal byggja hus, og dei som skal byggja det.

Torsdag 9. februar opnar Gründerparken i Sparebankbygget på Osøyro offisielt. Næringssjef Daniel Skotheim gjev oss ein førehandskikk i lag med dei første som viste si interesse då nyhendet vart lansert på tampen av fjoråret.

- Det var vel på nyttårsaftan eg sende melding til Daniel, og svaret kom same kvelden. Eg fekk plass i Gründerparken, seier gründer Jan Tore Grindheim i LEAN Konseptutvikling AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tanken er at gründerar i alle fasar av oppstartsprosessen kan koma og ha kontor her, utveksla erfaringar og dela idéar, seier Daniel Skotheim under omvisinga. Så langt har han 6-7 interesserte aktørar som vil inn i Gründerparken, men framleis er det ope for mange fleire.

Inkludert i bygget er eit romsleg møterom. Det set dei to gründerane han har med seg set ekstra stor pris på.

- Det kostar mykje å leiga eit skikkeleg møterom. Å få gratis tilgang til det her, er eit flott tilbod. Det gjev eit heilt anna inntrykk når du kan møta kundane dine i eit skikkeleg møterom, seier Ingvald Grindheim, bror og styreleiar i LEAN Konseptutvikling AS.

Screenshot av ByggemAppen som blir lansert i mai.
Screenshot av ByggemAppen som blir lansert i mai.

Ein app kalla ByggemAppen

Dei to brørne kjem opprinneleg frå Bømlo, men har etablert seg på Osøyro. At byggjenæringa er den største næringa i kommunen er ein fordel for prosjektet deira.

- Denne appen gjev byggjebransjen eit enkelt system for kommunikasjon og dokumentasjon av heile prosessen med å byggja eit hus. Samtidig kan dei som skal bu i huset følgja med, fortel Jan Tore Grindheim.

Ideen kom han på då han sjølv skulle byggja seg rorbu, og såg kor mykje uorden og dårleg kommunikasjon som gjekk føre seg.

- Handverkarane arbeidde med ein utdatert versjon av teikningane. Dei nye teikningane inkluderte eit redesigna bad, mellom anna. Mykje av det greidde me å avverga, men det vart ein del unødvendige kostnader pga. bygging på feil grunnlag, fortel Grindheim.

Dermed kom han på at idéen til den enkle appen som rettar opp i slike problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingvald Grindheim, som sjølv har erfaring frå byggjebransjen, seier at dei alltid tilstadeverande feila kostar byggjebransjen store pengar.

- Små og store feil kostar bransjen 15 milliardar kroner kvart år. Så det er eit stort problem for bransjen. Det handlar m.a. om at feil fører til eit overforbruk av timar, og produktiviteten går nedover i bransjen, seier Ingvald, som også er styreleiar i Lean Construction Norge.

Kjem på polsk, norsk og engelsk

For å få bukt med utdaterte teikningar, blir ein av dei viktigaste funksjonane i appen ei kontinuerleg oppdatering av teikningane.

- Når det skjer ei endring i prosjektet, til dømes at ei dør blir flytta. Då går snekkaren inn og markerer døra flytta i appen, byggherre signerer, og så blir teikninga oppdatert, seier Ingvald.

- Og alle som brukar appen får då eit push-varsel på telefon og e-post som fortel at no er det skjedd ei endring, legg Jan Tore til.

Kommunikasjonsvanskane blir også letta ved at appen blir lansert både på polsk, norsk og engelsk i løpet av året.

- Det er kanskje 15 ulike fagpersonar inne og gjer ein jobb på huset. Fleire av dei snakkar ulike språk. Då seier det seg sjølv at kommunikasjonen er utfordrande. Særleg dersom du då legg til at kvar av desse er involvert i meir enn eit nybygg samtidig, seier Jan Tore.

Ein annan nyttig funksjon t.d. for dei som skal byggja seg hytte langt frå heimstaden, er at snikkaren kan ta bilete (snap) av prosessen og halda eigaren oppdatert på progresjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ein fordel for både eigar og utbyggjar. Kunden får sjå at det går framover, og utbyggjar kan dokumentera at alt arbeid er gjort i tide og i tråd med spesifikasjonane, seier Jan Tore.

Dei siktar seg spesielt inn mot små og mellomstore prosjekt, der desse utfordringane kan vera størst.

Lansering i mai

I mai månad skal appen vera klar for lansering, først for Iphone og deretter for Android. På design-sida har dei fått med seg Tor Gjøsæter som har doktorgrad i informasjonsvitskap med brukaroppleving som hovudfelt.

- Noko av det som er viktig med denne appen, er at han skal vera så enkel å bruka som mogleg. For at appen skal bli nytta i så stor grad som mogleg, må den lagast så intuitivt som råd er. Elles vil han ikkje bli brukt, seier Jan Tore.

LEAN Konseptutvikling AS ByggemAppen har fått støtte frå Innovasjon Norge, og Connect Vest til å utvikla appen. Sjølv har Jan Tore erfaring som konsulent frå oljebransjen, men han angrar ikkje eit sekund på at han valde å prøva seg som gründer.

- Noko av det som er utruleg spennande med dette er å vera med og forma appen og bestemma korleis alt skal vera. I min gamle jobb som konsulent i oljebransjen forsvinn du litt i eit stort system. Som din eigen herre har du sjølvsagt mykje større påverknadskraft, seier Jan Tore.

Daniel Skotheim legg til at han er veldig nøgd med at Lean Konseptutvikling har valt Bjørnefjorden Gründerpark.

- Eg trur dei vil nyta godt av parken, samtidig som at andre gründerar vil kunna læra mykje frå Jan Tore og Ingvald, seier han.