Her brassesparkar Kristoffer Østervold inn sitt tredje for dagen.
Her brassesparkar Kristoffer Østervold inn sitt tredje for dagen.

Østervold vart hat-trick-helt

Med ti mann snudde Lysekloster kampen to gongar i 4-3 sigeren mot Brann 2. Kristoffer Østervold scora tre av dei.

Allereie etter to minutt satt ballen i mål for kvittrøyene. Kristoffer Østervoll hælflikka inn eit innlegg frå venstre. Det skulle likevel  ikkje ta lang tid før laga var like langt. Tre minutt seinare pirka rødtrøyene inn reduseringa frå kloss hold. Munkane produserte fleire store sjansar, men uttellinga uteblei. 

- Vi burde absolutt ha leia denne kampen. For nokre gigantsjansar, seier ein tydeleg skuffa Lysekloster-trenar, Ruben Hetlevik, på veg til garderoben halvvegs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som om sjansesløseriet ikkje var nok, måtte Lysekloster frå det 39. minutt klara seg med ti mann. Forsvarspelar Tshizang'S-Kapinga fekk dagens andre gule kort, og dermed det første raude for sesongen. 

Hat-trick-helt

Andre omgang starta som den første, men denne gongen var det gjestane som opna ballet. Berre fire minutt var gått før bortelaget satte inn 1-2 på eit langskot. 

Så vakna superspissen til heimelaget nok ein gong. Etter eit vakkert angrep var det Østervoll som fekk ballen over streken med breidsida. 

Kristoffer Østervold set inn dagens første nettkjenning med eit lekkert hælspark.
Kristoffer Østervold set inn dagens første nettkjenning med eit lekkert hælspark.
Hans-Christian Nysæther var av den lokale juryen kåra til banens beste i lag med Østervold.
Hans-Christian Nysæther var av den lokale juryen kåra til banens beste i lag med Østervold.
Tshizang'S-Kapinga innser at han må forlata banen etter knappe 40 minutter.
Tshizang'S-Kapinga innser at han må forlata banen etter knappe 40 minutter.

Brann 2 prøvde å spolera festen nok ein gong, men 2-3 målet er ikkje det som tilskodarane vil huska etter kampen. Snaue to minutt etter var Østervoll frampå igjen og varta opp med eit spektakulært brassespark. 

På overtid fastsette Denis Ljubovic resultatet til 4-3, og sørga for at opphentinga vart komplett. 

- Stolt

Lysekloster-trenaren var naturlegvis godt nøgd med resultatet etter kampen. 

- Eg er stolt over gutane. Å vinna på denne måten med ti mann er imponerande. Vi sprang for ein ekstra i nesten 60 minutt, seier Hetlevik. 

Tremålsscorar Østervold kunne også smila breidt når sluttsignalet gjekk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ein tung kamp, men vi visar stor moral når vi kjem tilbake etter å ha lege under, fortel angriparen. 

Sjølv om spissen kan ta ein stor del av æra for sigeren, er han audmjuk på spørsmål om eigen prestasjon. 

- Eg burde kanskje ha putta nokre fleire mål i første omgang. Eg får nokre store sjansar, og med litt meir marginar kunne vi fort ha punktert kampen allereie då, seier Østervold. 

Slitesiger

Det er ikkje til å stikka under ein stol at ein slik siger er ekstra motiverande for munkane. 

- Det var ein skikkelig slitesiger. Å vinna 4-3 på denne måten er mykje deiligare enn å vinna 4-0. Det gir ein god boost for dei vidare kampane, fortel Hetlevik. 

Fleire Lysekloster-spelarar måtte undervegs i kampen ut med småskadar. No håpar Hetlevik at dei rekk torsdagens kamp mot Haugesund 2. 

- No får vi gå heim å restituera og plastra spelarane. Kampen i dag tok skikkelig på, avsluttar Lysekloster-trenaren. 

 

Artikkelen held fram under annonsen.