Det var knapt eit turrt auge i salen etter at Marie Bruarøy hadde gjeve Arne Mæland kongens fortjenestemedalje.
Det var knapt eit turrt auge i salen etter at Marie Bruarøy hadde gjeve Arne Mæland kongens fortjenestemedalje.

Overraska Arne Mæland med kongens fortenestemedalje

Sjølv trudde kunstnaren at han skulle halda føredrag om Vognhallen for forsamlinga. Så tok ordførar Marie Bruarøy fram ein bodskap frå slottet.

Vognhallen var full av menneske. Berre hovudpersonen sjølv, Arne Mæland mangla. Kultursjef Lisbeth Axelsen tok ordet og sa det alle visste, at kunstnaren skulle få tildelt den kongelege fortenestemedaljen. Men kunstnaren sjølv visste ingenting.

– Han har fått beskjed om at han skal halda eit føredrag for oss om Vognhallen, sa Axelsen rundt klokka 14. Ti minutt seinare kom Mæland sin son, Vidar Bratlund-Mæland, i følgje med faren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein mildt sjokkert kunstnar fekk sjå ikkje berre slektningar og journalistar, men også leiinga i kommunen, songarane i koret «Tilslørte Bondepiker», og duk og dekka bord.

Etterpå uttalte Mæland at han eg skjønte at ikkje alt var heilt som det skulle vera då han såg svigerinna si som tilhøyrar under føredraget.

Ordførarens personlege hyllest

Ein lettare forfjamsa Mæland vart plassert framfor festlyden, medan ordførar Marie Bruarøy tok ordet. Det var første gongen ho fekk i oppdrag å dela ut ei slik medalje på vegner av hoffet, og ho fortalde at det betydde svært mykje for henne personleg. Ho hadde nemleg fått Mæland som formingslærar då ho gjekk på ungdomsskulen.

Kultursjef Lisbeth Axelsen hadde orkestrert festen som fann stad i Vognhallen laurdag, og greidd å halda det eigentlege føremålet skjult for hovudpersonen.
Kultursjef Lisbeth Axelsen hadde orkestrert festen som fann stad i Vognhallen laurdag, og greidd å halda det eigentlege føremålet skjult for hovudpersonen.
(
(
(
(
(
(

– Du har vore ei inspirasjonskjelde for meg. Alt då eg vart kjent med deg som 14-åring, viste du ei slik omsorg og kjærleik. Du har hatt hjartet mitt sidan den tid. Difor er det så stort for meg – på vegner av Hans Majestet Kongen – å tildela deg kongens fortenestemedalje, sa Bruarøy.

Mæland fekk fram nokre få ord til takk, og dei handla mest om kor glad han var i alle venene sine, som hadde møtt fram.

– Det var utruleg sterkt at alle dei eg er så glad i var samla her på ein stad. Å ha folk nært deg som du kan kjenna er dine vener, det er stort. Kor fantastisk det er å vera her med dykk, sa Mæland.

Noko av det Mæland har utretta

Bak forslaget om å gje Arne Mæland Kongens fortenestemedalje stod ei heil rekkje personar. Først i rekkja stod Christian Rieber som alt i 2015 hadde levert inn sitt forslag.

– Han er ein einar som med si kraft, rausheit, fantasi og entusiasme har skap aktivitet og engasjement, skreiv Rieber. Særleg vart Skulptursymposiet trekt fram, og hans evne til å løfta fram andre kunstnarar – både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ved at han oppmuntrar og stør unge kunstnarar i Os har han lagt grunnlaget for vidareutvikling av kunst og kultur i eiga heimbygd, skreiv Rieber vidare i si tilråding.

Georg Jørgensen, nestleiar i Os Kulturutvikling trekte også fram det same, men la vidare vekt på hans innsats for Vognhallen og Borgalyset.

Seinare same året gav også Ivar August Bye i Kirkens Nødhjelp si tilråding av ei mindre kjent side ved Mæland: hans innsats for verdas fattige.

– Arne har i ord og handling vore handlande i høve til verdas naud. Då tsunamien ramma jula 2004 var han ein sentral inspirator og aktør i det lokale arbeidet med å samla inn pengar. Det same var tilfelle då Pakistan vart råka av jordskjelv i 2005, og Haiti i 2010, og då Filippinane i 2013 vart treft av ei flodbølgje.

Øyvind Heggland, Per Grieg Sr., Arvid Tveit og Bente Bratlund gav også Mæland si varmaste støtte i form av ulike brev om det Mæland har utretta.

Gjekk ekstra raskt å få søknaden gjennom

I september i fjor leverte deretter Marie Bruarøy og Lisbeth Axelsen Os kommune si eiga tilråding av Mæland.

«Det er inga tvil om at Arne Mæland i fleire tiår har vore ein pådrivar og ei inspirasjonskjelde i Os kommune for å formidla kunst og kultur. Hans humanitære engasjement er nok mindre kjend for folk, då han ikkje er ein person som likar å framheva seg sjølv. Mæland arbeider heller i det stille – som ein naturleg del av livet sitt. I 2007 vart Arne Mæland tildelt den første inspirasjonsprisen frå Os kommune. Denne prisen vert delt ut ved slutten av kvar kommunestyreperiode. Kriteria for prisutdelinga er særskilt innsats for lokalmiljøet og innbyggjarane, gjennom aktivitet og frivillig arbeid – til inspirasjon for andre.», heitte det i kommunens brev til Ordenskanselliet.

Den 12. januar, berre få månader etter at Os kommune hadde sendt inn søknaden via Fylkesmannen, godkjente H.M. Kongen at Arne Mæland skulle få Kongens fortenestemedalje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kongelege norske hoff er orientert om at utdelinga finn stad i dag. Då eg var i kontakt med Fylkesmannen sa eg at eg syntest at det hadde gått ganske raskt. Ofte tek det eit år før du får svar. Då svarte Fylkesmannens medarbeidar, med ansvar for dette feltet, «ja, men det var jo ein veldig god kandidat de hadde spelt inn».

Etter at Mæland høgtideleg var overrekt diplom og medalje, bydde Knut Vidar Garlid og Jan Haaland på jazzmusikk, «Tilslørte Bondepiker» song ein potpurri, før heidersgjesten vart heidra med ein betre lunsj.

ol@osogfusa.no