Os kommune har målt isen til å vera trygg på dette vatnet ved Hjellemarka.
Os kommune har målt isen til å vera trygg på dette vatnet ved Hjellemarka.

På dette vatnet er isen trygg!

Etter å ha målt 15 centimeter med stålis har Os kommune sett opp trygg is-skiltet. Så langt har Nikolas Bø Sande (6) vatnet for seg sjølv.

– Nikolas har vinterferie. Eg fekk melding om at nokon hadde vore og måka vekk snøen og så tok me ein tur for å sjekka det ut, seier Torkild Freihow Sande.

Vatnet det gjeld er Gåsakilen, og der er det i dag blitt konstatert trygg is på store delar av vatnet. Enn så lenge kan det sjå ut til at osingane flest ikkje har oppdaga det vesle vinterparadiset, for då Os og Fusaposten var på staden tysdag ettermiddag var det ingen andre å sjå. Gåsakilen ligg ved Hjellemarka i sørlege Søfteland, mellom Byvegen og Vinddalsvatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utrygg grense markert med kvist

Os brann- og redning måler åtte ulike vatn i kommunen, ein gong i veka. For Gåsakilen sin del er det den sørlege delen av vatnet som er trygt. Tarmen som ligg mot nord er ikkje trygg, og grensa er markert med granbar. Publikum vert også oppfordra til å halda seg unna kvistane mellom land og vatn.

Desse vatna er utrygge

Per 27. februar har desse vatna IKKJE trygg is:

•Lekvenvatnet

I nordenden av vatnet er isen utrygg. Grensa er markert med kvist.
I nordenden av vatnet er isen utrygg. Grensa er markert med kvist.
(
(
(
(

•Tveitavatnet ved skulen

•Banktjørno

•Langavatnet på Drange

•Strønevatnet

•Ulvenvatnet nord

Artikkelen held fram under annonsen.

•Ulvenvatnet sør

ol@osogfusa.no