annonse

På TV utan ein tråd

: I første episode av TV Norges nye seire "Adam søker Eva", får me sjå Sandra Hauge frå Os på date med ein ukjend mann - kliss naken på ei øde øy i Filippinene. (Foto: TVNorge)
: - Eg treng å utfordra meg litt, og gå utanfor komfortsona. Dessutan trengte eg ein ferie, serier Hauge om det å vera med på den nye serien. (Foto: TVNorge)

Sandra Hauge (23) frå Os er kliss naken på TV i morgon. Ho er med i TVNorges nye serie, Adam søker Eva.

Benjamin Søgnen Olsen

I morgon reiser ho til Oslo for å sjå premieren saman med dei 17 andre deltakarane. I første episode får me sjå Hauge på date med ein ukjend mann - kliss naken på ei øde øy i Filippinene.

- Me hadde ikkje helst på kvarandre før me møtte kvarandre naken på stranda. Me vart flydd inn til ulike tider, og me hadde soner på øya som me måtte halda oss i før me møtte kvarandre, seier Hauge, som legg til at ho ikkje følte seg særleg stor når ho trefte daten for første gang - kliss naken.

- Då hadde eg mest lyst til å synka under jorda. Men det vart meir naturleg etter kvart. Då me var ferdige med daten, kjentest det unaturleg å ta på att kleda, seier ho.

Utanfor komfortsonen

Osingen meldte seg på programmet utan å heilt vita kva ho gjekk til.

- Eg var klar over at det var eit dating-eksperiment, men då eg fekk høyra at me skulle vera nakne, var første reaksjonen at det er jo heilt sjukt, seier ho.

Men etter å vurdert det i tre dagar, og rådført seg med familien, bestemte ho seg for å bli med.

- Eg treng å utfordra meg litt, og gå utanfor komfortsona. Dessutan trengte eg ein ferie, smiler ho.

Kleint å sjå seg sjølv

Etter at ho hadde tenkt over det ei stund, blei det meir naturleg og ganske fint "med nakendating".

- Alle har sett ein naken kropp før. I dagens samfunn vert alle dømd ut i frå kropp, utsjånad og stil på kleda. Her vert i alle fall delar av det presset teke vekk, og ein kjem tettare innpå personen ein er på date med, seier Hauge.

Om datarane er nøgde med datepartnarane, kan dei velga å møtast på date når dei kjem heim. Då med kleda på.

Sjølv om det etter kvart blei meir naturleg å vera naken, så innrømmar ho at det blir spesielt å sjå seg sjølv på TV utan ein tråd.

- Eg har ikkje sett noko av innspelinga, bort sett frå det som har vore på VG og slikt. Det blir nok veldig kleint, men eg gler meg samstundes, seier ho.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut