Det var klokka 23.10 tysdag kveld at politiet i Os fekk melding om bråk i ein bustad utanfor sentrum i Os.
Det var klokka 23.10 tysdag kveld at politiet i Os fekk melding om bråk i ein bustad utanfor sentrum i Os.

Pågripen for vald: Meldt for liknande tidlegare

Mannen som tysdag kveld vart pågripen for vald mot ein annan mann i ein bustad i Os er meldt for liknande forhold tildegare.

Det var klokka 23.10 tysdag kveld at politiet i Os fekk melding om bråk i ein bustad utanfor sentrum i Os.

Då politiet kom til bustaden, trefte dei på to menn, ein av dei kraftig forslått.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var to menn i bustaden. Ein mann i 40-åra og ein mann i 60-åra. Førstnemnde er mistenkt for å ha slått den eldre mannen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

– På spørsmål om den mistenkte var påverka av rus, svarar Hadler-Olsen stadfestande:

– Ja, det var nok rus i biletet her, ja.

Køyrd til Haukeland

Kort tid etter at politiet kom til staden, vart mannen i 60-åra køyrd til Haukeland Universitetssjukehus. Mannen som er mistenkt for å ha stått bak valden vart køyrd til arresten i Bergen, og vil bli avhøyrt der i dag.

– Er den mistenkte ein såkalla kjenning av politiet?

– Me kan i alle høve seia at vedkomande er meldt for liknande forhold tidlegare, seier Hadler-Olsen.

Avventar obduksjonen

Personen som vart funnen i Banktjørno fredag kveld vart obdusert på Gades institutt i Oslo tysdag.

Os lensmannskontor veit førebels ikkje når dei får identifikasjonen på mannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me avventar svar og kjem til å orientera media så snart me veit meir, seier Hadler-Olsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no