Etter 20 dagar kom dei to første kyllingane ut, og dagen etter kom det 14 til!
Etter 20 dagar kom dei to første kyllingane ut, og dagen etter kom det 14 til!

Påskestemning med ekte påskekyllingar og kunstglede

I Jettegryto har det vore ekte påskestemning med både påskekyllingar og kunstglede.

I mars har vi i Jettegryto barnehage vore så heldige at vi har fått låna rugekasse og egg av to engasjerte foreldre: Torgeir Berge og Aina Olderkjær.

Kvar dag måtte vi passa på rugekassa, at det var riktig temperatur og vatn slik at kyllingane kunne veksa inne i egga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor spenning var det då vi kunne lysa på egga med lommelykt under eit teppe, og sjå at det var liv inni.

Etter 20 dagar kom dei to første kyllingane ut, og dagen etter kom det 14 til! Tre kyllingar var dessverre døde inne i egga. Det var litt trist.

No bur det 14 livlege kyllingar i buret i barnehagen og store og små får kosa med dei og gje dei mat og drikke.

På Barnehagedagen jobba vi med kunstforma «Land art», så då blei det påskekyllingar av stein og fjær, og dei fekk eit reir ute i Jettehagen.
På Barnehagedagen jobba vi med kunstforma «Land art», så då blei det påskekyllingar av stein og fjær, og dei fekk eit reir ute i Jettehagen.
«Buskmåleri», naturvev, instrument og stein-labyrint var andre kunstverk som blei vist fram til foreldra på Barnehagedagen.
«Buskmåleri», naturvev, instrument og stein-labyrint var andre kunstverk som blei vist fram til foreldra på Barnehagedagen.
Kvar dag måtte borna passa på rugekassa, at det var riktig temperatur og vatn slik at kyllingane kunne veksa inne i egga.
Kvar dag måtte borna passa på rugekassa, at det var riktig temperatur og vatn slik at kyllingane kunne veksa inne i egga.

På Barnehagedagen jobba vi med kunstforma «Land art», så då blei det påskekyllingar av stein og fjær, og dei fekk eit reir ute i Jettehagen.

«Buskmaleri», naturvev, instrument og stein-labyrint var andre kunstverk som blei vist fram til foreldra denne dagen.

Kjellaug Skage Raunsgard

Styrar