Norske pensjonistar fortener betre enn ei regjering som sit stille og ser på at pensjonane går ned år etter år, og attpåtil spreier usannheiter om parti som faktisk vil gjera noko med det, skriv Åse Vaksinen Sælensminde (Ap).
Norske pensjonistar fortener betre enn ei regjering som sit stille og ser på at pensjonane går ned år etter år, og attpåtil spreier usannheiter om parti som faktisk vil gjera noko med det, skriv Åse Vaksinen Sælensminde (Ap).

Pensjonistar skal ha auka kjøpekraft!

Dei siste tre åra har pensjonistane gått i minus med H/Frp i regjering. Dette vil Arbeidarpartiet gjera noko med. Vi meiner pensjonistar alltid skal gå i pluss på lik line med arbeidstakarar når dei får lønsauke, skriv Åse Vaksinen Sælensminde (Ap).

Høgre har ved fleire høve den siste tida gått til åtak på Arbeidarpartiet sin modell. Arbeidarpartiet sin modell har støtte frå Pensjonistforbundet, Unio og LO.

Framlegget vårt er å endra praksisen vi har i dag, der pensjonar vert regulert med lønsauke fråtrukket 0,75%, vert erstatta med ei årleg regulering med snitt av forventa løns- og prisvekst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom pensjonsutviklinga i framtida vert like dårleg som den har vore med regjeringa vi har i dag, vil ein pensjonist kunna tapa over hundre tusen kroner på Høgre sin modell samanlikna med Arbeidarpartiet sin modell, og dei vil i tillegg kunna få ein reell nedgang i pensjonen sin med mange titusenar.

Norske pensjonistar fortener betre enn ei regjering som sit stille og ser på at pensjonane går ned år etter år, og attpåtil spreier usannheiter om parti som faktisk vil gjera noko med det.

Bruk røysteretten din 11. september. Godt val!

Åse Vaksinen Sælensminde

Nestleiar

Os Arbeidarparti