annonse

Per Sivle i Os Senioruniversitet

MISTA MOR TIDLEG
MISTA MOR TIDLEG: Per Sivle var to år då mora døydde.

Måndag 14. januar - på det første møtet i Os Senioruniversitet i det nye året – vert det foredrag om Per Sivle. Mange vil hugsa denne alvorlege, men stundom skjemtfulle diktaren frå lesebøkene på folkeskulen.

Per Sivle møtte mykje motstand i livet. Han vart fødd i Flåm i 1857. Mora døydde då vesle Per var to år gamal. Han voks opp hos fosterforeldre på Stalheim som tok seg vel av han. Sjukdom gjorde at han ikkje fullførde examen artium. Han skulle koma til å livnæra seg som sjølvlært diktar og som avismann. Han var i alle år mykje plaga med hovudverk; det einaste rådet han visste for å døyva smertene, var alkohol. I 1887 gifta han seg med Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen, og dei fekk nokre fine år saman. Men etter kvart tok helseplagene og pengenauda livsgnisten frå han. Til slutt orka han ikkje å leva.

Per Sivle skreiv rørande forteljingar som «Fanta-Nils» og «Berre ein hund», morosame vossa-stubbar og den første norske arbeidarromanen, «Streik». Han har gitt oss udødelige verseliner: «Det er det stora, og det er det glupa, at merke det stend om mannen han stupa». Men det vakraste Per Sivle skapte, er songen «Den fyrste song» som han skreiv 20 år gamal.

Det er Einar Midtun som skal fortelja om livslagnaden til Per Sivle og det han let etter seg. Det kan dessutan godt henda at Midtun inviterer publikum til allsong.

Einar Midtun trakka sine barnesko ikkje langt staden der Per Sivle voks opp. Midtun har i mange år hatt oppdrag med å fortelja om Per Sivle og framføra vosse-stubbar og dikt. I 2007 var han med i Oddgeir Bruaset sitt TV-program om Per Sivle. Han har også vore mykje nytta som kjøkemeister. No er han pensjonist. Han var tilsett i trygdeetaten i 45 år.

Kjell Harald Lunde

Os Senioruniversitet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut