Klas Færøvik er i svært god form og har aldri prestert så bra som han gjorde i Bergen Fjellmaraton tysdag. (Privat foto)
Klas Færøvik er i svært god form og har aldri prestert så bra som han gjorde i Bergen Fjellmaraton tysdag. (Privat foto)

Persa med seks minutt i Bergen Fjellmaraton

30 frå Opptur Motbakkeklubb deltok i Bergen Fjellmaraton tysdag. Best gjekk det for Klas Færøvik som persa med seks minutt.

– Dette er nok det beste løpet eg har gjort noko sinne. Det var så eg måtte undra meg undervegs. Det gjekk så lett, og der andre sleit, hadde eg overskot og kunne gje på. Ein fantastisk adrenalin-boost å få så gode signal undervegs, fortel Færøvik.

Med tida 1.50,50 vart han nummer fem i klassen for herrar 40-49 år. I det store samandraget plasserte han seg som nummer 23 av 784 utøvarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bergen er blitt løpehovudstaden i Noreg. Nivået er knallhøgt. I så måte er eg supernøgd med 23. plass. Det var mange svært gode løparar som kom bak meg denne gongen, seier kondiskongen frå Nore Neset.

Nummer sju

Beste utøvar frå Os og Fusa var Erik Sebastian Krogvig frå Eikelandsfjorden. Ultra trail-løparen sprang i mål på tida 1.43,10 og vart med det nummer sju i samandraget.

Nest beste frå vårt område var Geir Skaten. Norenesingen spring for Gular. Han nådde mål berre 34 sekund før sin tidlegare klubbkamerat Færøvik. Med tida 1.50,17 noterte han seg for 21. plass i samandraget.

Oppturgjengen klar for start i Bergen Fjellmaraton. (Privat foto)
Oppturgjengen klar for start i Bergen Fjellmaraton. (Privat foto)
Erik Sebastian Krogvig sprang på 1.43,10 og vart beste osing og fusing i fjellmaratonet. (Privat foto)
Erik Sebastian Krogvig sprang på 1.43,10 og vart beste osing og fusing i fjellmaratonet. (Privat foto)

Ein bragd å fullføra

Fjellmaratonet i Bergen går over 21 km. Berre starten opp Ulriken er nok til å knekkja mange.

– Det var steikandes varmt på Ulriken, og eg såg at mange fekk problem alt der, fortel Færøvik.

Opptur Motbakkeklubb stilte med 30 utøvarar. To av dei fullførte den kupèrte løypa på under to timar.

– Det var Andreas Skulstad Størkson og eg. Andreas sprang på 1.53,94. Elles var det ein del som sprang på litt over to timar. Stein Kjetil Hefte sprang på 2.05, ei tid som er råbra, spør du meg.

– Kom alle utøvarane til Opptur seg gjennom?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jaudå, alle klarte det. Eg er kjempeimponert over alle. For ein vanleg mosjonist er det godt gjort å koma seg gjennom løypa på under tre timar. For det er eit tøft løp, på mange måtar, seier Færøvik, medan han minnar om at det totalt er 1.000 høgdemeter som skal forserast.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no