I dag er reglane svært strenge og kompliserte. Det er lite forutsigbart for foreldre og svært utfordrande for Nav, då det er stor fare for forskjellsbehandling. Og sånn skal det ikkje vera.
I dag er reglane svært strenge og kompliserte. Det er lite forutsigbart for foreldre og svært utfordrande for Nav, då det er stor fare for forskjellsbehandling. Og sånn skal det ikkje vera.

Pleiepengar til fleire

Frå 1. oktober får fleire foreldre pleiepengar for sjuke born. Det at ein opplever at det kjæraste ein har vert alvorleg sjuk, gjer heile familiesituasjonen vanskeleg. Det at ein då har eit godt offentleg sikkerheitsnett, er viktig, skriv Laila Reiertsen (Frp).

Med den nye ordninga får endå fleire familiar pleiepengar. Retten til pleiepengar har vore til stor diskusjon då fleire opplevde ordninga som urettvis og uforutsigbar.

Retten til pleiepengar vert som før ei mellombels inntektserstatning for yrkesaktive som må verea vekke frå arbeid for å pleia sjuke born. Ordninga vert no utvida betydeleg. Mange fleire familiar vil etter den nye ordninga få rett til pleiepengar. Regelverket vert og enklare. I dag er reglane svært strenge og kompliserte. Det er lite forutsigbart for foreldre og svært utfordrande for Nav, då det er stor fare for forskjellsbehandling. Og sånn skal det ikkje vera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye ordninga vil verta meir fleksibel og gjer det lettare for foreldre å kombinera pleieoppgåver og delvis arbeid.

Varig sjuke born vert inkluderte i ordninga i motsetnad til i dag då dei er inne i svært snevre unntakstilfelle.

Dagens svært strenge sjukdomskrav vert også lempa på. Det skal no vera tilstrekkeleg at barnet er sjukt med behov for kontinuerleg tilsyn og pleie.

Aldersgrensa vert auka generelt til 18 år. I dag er den 12 år for born i samband med behandling i helseinstitusjon.

Mogelegheita for gradering vert og endra, med gradering heilt ned i 20 prosent. Dette for å lettare kunna kombinera pleie og delvis arbeid.

Pleiepengar skal kunna gjevast frå første dag. I dagens ordning er det sju karensdagar. No vert karensdagane oppheva til det beste for familiane.

Begge foreldra skal kunna ta ut pleiepengar samstundes . I dag har foreldre denne mogelegheiten berre ved livstrugande eller svært alvorleg sjukdom hos barnet ved behov.

Pleiepengar skal gjevast inntil 1.300 dagar pr. barn (dagkonto). Av dagkontoen vert det gjeve 260 dager (1 år) med 100 prosent kompensasjon av inntekta, og 1040 dagar med 66 prosent kompensasjon. Det same som ved eigen sjukdom i sjukelønnsordninga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert og fleire småjusteringar innan pleiepengeordninga. Dette for at fleire skal kunna ta del i ordninga og for å gjera ho meir presis og enklare å forholda seg til. Til det beste for alle dei familiane som opplever ein tøff kvardag med sjuke born.

Laila Reiertsen

Os Frp