Det er i området kring Halhjem ferjekai at parkeringskreativiteten når nye høger.
Det er i området kring Halhjem ferjekai at parkeringskreativiteten når nye høger.

Politiet ber konsertgjengarar parkera på skikkeleg vis

I fjor var det parkeringskaos på Halhjem under Tysnesfest.

Tysnesfest er i gang og i år som i fjor, vel mange konsertgjengarar å setja bilen frå seg på Halhjem og ta ferja over til Våge.

I fjor førte det til parkeringskaos og innbyggjarane i mellom anna Skjeldevegen kom seg ikkje ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet vil difor vera føre var i år, og oppmodar alle til å parkera slik at bebuarar og ikkje minst brannbilar kjem seg fram.

– Både vi og brannvesenet skal fylgja litt med der ute, seier politibetjent Sindre Hallem.

Han lovar at politet vil ta turen til Halhjem for «å sjekka tilhøva» når dei er ute på patrulje.

anne-marie@osogfusa.no