Politiet har fått medhald i påstanden om fengsling i fire veker med brev- og besøksforbod.
Politiet har fått medhald i påstanden om fengsling i fire veker med brev- og besøksforbod.

Politiet fekk medhald i fengsling

Mannen som førre veke blei sikta for drapsforsøk og grov kroppskrenking blir sitjande i fengsel. Gulating lagmannsrett gjev politiet medhald i påstanden om fengsling i fire veker med brev- og besøksforbod.

I ei pressemelding opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Vest politidistrikt, Gry Benedicte Halseth, at politiet har fått medhald i påstanden om fengsling i fire veker med brev- og besøksforbod.

I Bergen tingrett blei sikta lauslaten 24. mai.Påtalemyndigheita anka tingretten si avgjerd t med oppsetjande verknad, som vil seia at mannen blei sitjande i fengsel fram til lagmannsretten hadde handsama saka. I dag har poltiet motteke avgjerda frå Gulating lagmannsrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter lagmannsretten sitt syn er det ein nærliggjande fare for at siktede vil forspilla bevis i saka dersom han blir lauslaten.

Bakgrunn

Ein mann i slutten av 20-åra vart tysdagpågripen i Os for vald mot ei kvinne og drapsforsøk på ein mann. Hendinga som førte til siktinga fann stad ved ein privat heim i Os.