Politiet har i helga stoppa mange bilistar etter å ha fått melding om råkøyring, eller at dei sjølv har observert hasardiøs køyring.
Politiet har i helga stoppa mange bilistar etter å ha fått melding om råkøyring, eller at dei sjølv har observert hasardiøs køyring.

Politiet har i helga fått urovekkjande mange meldingar om råkøyring

– Det har vore gjennomgåande i helga. Mange fleire meldingar om hasardiøs køyring enn kva som er normalt, seier politibetjent Sindre Hallem ved Os lensmannskontor.

Nokre av meldingane har vore om tohjulingar. Dei plar det vera ein del av, fortel Hallem.

– Men denne helga har det vore klart flest om bilar. Meldingane går på hasardiøs køyring, og bilar som køyrer fort saman, seier Hallem og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse meldingane får vi frå fleire stader i kommunen. Dei fleste kjem frå Nore Neset, Ulvenstrekket, Lysefjorden og Hegglandsdalen.

Har stoppa mange i helga

Om ein ser nokon som køyrer for fort, ønskjer politiet å få melding om det.

– Spesielt om dette er eit problem over tid. Skjer det til bestemte tidspunkt, så vil vi gjerne vita om det, slik at vi har betre grunnlag for å vita kva tid vi bør vera på plass, seier Hallem, som er trafikkansvarleg ved Os lensmannskontor.

Som følgje av alle meldingane, har politiet stoppa fleire biler. Sjølv om politiet ikkje har måling på at ein har køyrd for fort, vil det ikkje seia at ein slepp unna.

– Vi har stoppa nokre bilar i helga, som har hatt for høg fart. Då er det slik at vi har observert dei, snudd og køyrd etter. Vi har ikkje kunna måla farten, men om vi då finn andre feil, må dei forventa ei reaksjon.

– Andre feil som kva då?

– Til dømes å ikkje bruka blinklys i ei rundkøyring. Eller feil ved bilen. Det er ein bonus om ein berre får ei åtvaring i tilfelle som dette, seier Hallem.