Politiet måtte ha backup frå Fana for å roa ned ein slåstkamp i Os sentrum i natt.
Politiet måtte ha backup frå Fana for å roa ned ein slåstkamp i Os sentrum i natt.

Politiet måtte få assistanse for å stoppa slåstkamp

Ein fest utanfor Catten i Os sentrum i natt enda med vald mot politiet og ein Fana-patrulje måtte tre støttande til.

Politiet har hatt eit travelt døgn, ikkje minst i Bergen, der festing i samband med sykkel-VM har sett sitt preg på ordensmakta sin kvardag. Når Os og Fusaposten ringjer politiet svarer ein humoristisk vakthavande telefonen med helsinga «Sykkel-VM.no?»

På Twitter heitte det frå Vest politidistrikt at sju personar var hamna i arresten i løpet av natta, før ei retting vart publisert nokre timar seinare: «Talet har auka til 8 då me no har henta inn ein sint, naken mann frå Vestre Holbergsalmenning.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Slåstkamp i Os

Heller ikkje i Os var det roleg. Den første meldinga om uro i Os sentrum kom frå ein taxi.

– Han melde om at et var ampert i taxikøen. Det var rundt kl. 3.30. Og så smalt det, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Utanfor Catten var det fullt slåstkamp, og nokre vakter frå utestaden prøvde å roa ned gemytta, utan hell. Ein politimann vart slått til, og ein ekstra patrulje frå Fana kom til. – Det enda med at to personar blei sette i arresten i Bergen. Den eine for å ikkje å ha etterkome pålegg og ha brukt vald mot ein tenestemann, og den andre for å ha starta slåstkampen og for å ha slått ned ein annan person, seier Hellesund.

Likevel er det ikkje meldt om alvorleg fysisk skade som følgje av episoden.

Travel natt med rus og trafikk

Det har også vore mykje anna for politiet å gjera i Os fredag kveld og natt til laurdag. Tre tilfelle av mistenkt ruskøyring, eitt tilfelle av grisekøyring, og fleire tilfelle av bilar i ureglementert tilstand. Ein motorsykkel stakk av frå patrulje på Nore Neset. Den hadde ikkje lys eller skilt og kom seg unna.

Rundt kl. 22.55 vart det funne narkotika i ein bustad i Skeisstøa.

Vidare fekk dei melding om at ein fiskebåt sleppte ut noko kvitt direkte i Strøneosen. Men det viste seg å vera fiskeavfall og såleis ikkje ulovleg.

ol@osogfusa.no