Lensmann i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt, Lorentz Lunde, har lagt ut fleire åtvaringar på politiets Facebook-side.
Lensmann i Fusa og Tysnes lensmannsdistrikt, Lorentz Lunde, har lagt ut fleire åtvaringar på politiets Facebook-side.

Politiet med åtvaring på Facebook

I Fusa og Tysnes er det funne kryss eller merke på eller ved dører i samband med besøk av dørseljarar.

– Det kostar lite å vera ekstra på vakt, både hos seg sjølv og hos naboen, skriv lensmann Lorentz Lunde på Fusa og Tysnes lensmannsdistrikts Facebokside.

Det er mange som opplever at nokon kjem på døra for å selja noko lite. Det er i utgangspunktet ikkje straffbart, så lenge dørseljaren oppfører seg. Det er i det siste at politiet har fått melding om kryss eller merke på eller ved dører.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette har skjedd hjå oss og i andre distrikt. Vi veit ikkje kva dette tyder, og det treng ikkje vera anna enn ei markering av kor seljaren har vore. Det kostar lite å vera litt ekstra på vakt, både hos seg sjølv og hos naboen. Ta gjerne bilete eller noter nummer på bilar knytt til salsaktivitet. Hugs at vi samlar på bilnummer. Kontakt oss elles om de opplever ubehagelege situasjonar, skriv lensmann Lunde.

Viktig å hjelpa kvarandre

Tidlegare i månaden la politiet i Fusa og Tysnes også ut ei melding på Facebook. Dei opplyser at det om hausten plar vera ein del tjuveri av utanbordsmotorar i området.

– Mange har båtar ute enno, men det er stilt på og ved sjøen. På denne tida av året plar vi diverre ha tjuveri, særleg av utanbordsmotorar. Vi rår til følgjande for å hjelpa kvarandre:

– Noter ned motornummer og andre

viktige opplysningar om motoren din.

– Ta gjerne foto.

– Ha eit auga med båtplassen din og

gjer gjerne avtale med naboen om

Artikkelen held fram under annonsen.

tilsyn.

– Sjå etter unormal aktivitet og noter

gjerne ned nummeret på bilar med

mistenkjelege personar.

– Hugs at gjerningspersonar ofte

rekognoserer på dagtid på førehand.

– Kontakt oss gjerne om du ser noko

eller nokon du stussar på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv politiet at dei nødig vil skapa uro.

– Men det kostar oss lite å vera litt ekstra på vakt for kvarandre, skriv Lunde.