(
(

Politiet tilkalla til tre festar

Det skal ha vore mykje bråk på ulike private festar i helga.

Natt til laurdag blei det meldt til politiet om bråk på ein fest like utanfor Os sentrum.

– På festen var det ungdomar i 18-20-årsalderen. Vi fekk melding i 02-tida om at festen hadde gått over styr og det skal ha oppstått bråk, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit døgn seinare, fekk politiet ei ny slik melding.

– Då var det ein fest på Søfteland. Ungdomar i 20-årsalderen hadde barka saman på ein fest som hadde gått over styr. Nokre av dei stakk frå staden før politiet kom. Ut frå det eg kan sjå, blei ikkje nokon alvorleg skadd, seier Hadler-Olsen.

Fann narkotika

Politiet hadde nett gjort seg ferdig med saka på Søfteland, då dei fekk ny melding om bråk på fest.

– Meldinga kom i 03-tida. Festen blei arrangert på Lepsøy. Det ser ut til å vera ungdom i 20-åra som har vore involverte i slåsting. Det er mogleg at det kjem ei melding i løpet av dagen.

Natt til søndag fann politiet mindre mengde hasj på ei adresse i Os.

– Ein mann i 20-åra har erkjent at det tilhøyrer han.

Politiet har også gjennomført promillekontroll på Storestraumen i helga. 30 kontrollerte og politiet fann ikkje noko å reagera på.