Politiet har fått tips som kan tyda på at den sakna 29-åringen frå Os framleis er i livet, og dei har valt å avslutta søket.
Politiet har fått tips som kan tyda på at den sakna 29-åringen frå Os framleis er i livet, og dei har valt å avslutta søket.

Politiet trur sakna osing er i live

På bakgrunn av tips og observasjonar, har politiet avslutta søket etter Alexander Holsen (29), som har vore sakna sidan 4. oktober.

– Vi avslutta søket i går kveld då nattemørket fall på, og fordi vi hadde gjort søk i dei nærområda som var mest aktuelle å finna han i. I tillegg har vi fått inn nye tips og observasjonar som gjev grunn til å tru at han framleis er i live. Det er folk som meiner å ha sett han. Vi jobbar vidare med etterretningsopplysningar og etterforsking, seier politiførstebetjent ved Os lensmannskontor, Rune Fimreite.

– Kva med elektroniske spor, har de noko å gå etter der?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjem inn under etterforskingsdelen. Eg trur vi let det vera med det, seier Fimreite.

Gjekk ut med etterlysning

Politiet i Hordaland gjekk i går ut med etterlysning av 29 år gamle Alexander Holsen som er sakna i Os.

Mannen vart sist sett av familien onsdag 4. oktober.

Det er ikkje kjent korleis mannen var kledd, men han bruker å gå med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegensar,grå eller sort joggebukse, samt svarte eller kvite joggesko.

29-åringen skulle etter planen ha reist på utanlandstur måndag. Politiet gjekk i samråd med pårørande ut med full etterlysning.

Han er 1,68 m høg, har normal kroppsbygning og mørkeblondt hår.

Klokka 17.15 måndag ettermiddag vart det sett i gang søk etter mannen. I første rekkje i området rundt der han bur i nærleiken av Ulven.