Politiet og politiinspektør Tore Salvesen fekk torsdag status frå firmaet som foretok geoscanninga på Øvsttun gravplass i sist veke. Resultatene derfrå er ikkje eintydige i noko retning.
Politiet og politiinspektør Tore Salvesen fekk torsdag status frå firmaet som foretok geoscanninga på Øvsttun gravplass i sist veke. Resultatene derfrå er ikkje eintydige i noko retning.

Politiet vil gjera fleire undersøkingar på Øvsttun gravplass

Politiet håpar å få gjennomført dei nye undersøkingane før påske.

Vest politidistrikt har den siste tida gjennomført undersøkingar av tolv graver på Øvsttun gravplass i søket etter Trine Frantzen.

- Ved hjelp av innleigd kompetanse og utstyr er gravene undersøkt fra overflaten, opplyser politiinspektør Tore Salvesen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk torsdag status frå firmaet som foretok geoscanninga på Øvsttun gravplass i sist veke. Resultatene derfrå er ifølgje politiet ikkje eintydige i noko retning.

- Difor vil vi bruka noko meir tid saman med firmaet og planleggja nye søk med kraftigare utstyr på dei same tolv gravene. Håpet er at dette utstyret skal gje oss klarare svar, slik at vi kan ta dei riktige avgjerden for kva vi gjer videre, kommenterer Salvesen.

Per i dag er det uavklart kva politiet vil kunna bruka resultata frå dei nye søka til.

- Det er viktig at vi gjer dette arbeidet og vurderer så nøye vi kan, både av omsyn til den vidare etterforskinga og ikkje minst dei pårørande til Trine Frantzen og til dei som er gravlagt på staden avsluttar Salvesen.

Politiet håpar å få gjennomført dei nye undersøkingane før påske.

jostein@osogfusa.no